The Kinks Are the Village Green Preservation Society

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Kinks Are the Village Green Preservation Society
Studioalbum av The Kinks
Utgjeve 22. november 1968
Innspelt November 1966 til oktober 1968 ved Pye Studios, London
Sjanger Rock
Selskap Pye (UK),
Reprise (US),
Sanctuary (2004 Reissue)
Produsent Ray Davies
Kritikk
The Kinks-kronologi
Something Else by The Kinks
(1967)
The Kinks Are the Village Green Preservation Society Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire)
(1969)

The Kinks Are the Village Green Preservation Society er det sjette albumet til det engelske rockebandet The Kinks frå 1968.

Låtskrivar og frontmann Ray Davies skapte eit konseptalbum om det rolege livet i ei engelsk grend, som i eit vidare perspektiv kan omhandle uskulda i og idealiseringa av tidlegare tider og menneske. I tillegg til å vere eit kjærleiksbrev til eit idealisert England som ikkje finst meir, så er albumet gjennomgåande ironisk, som på tittelsporet i starten.

Songane på albumet vart spelt inn over ein periode på to år før albumet kom ut, og Davies fjerna seg frå å lage kommersielle hitsinglar og flytta seg mot ein meir personleg og nostalgisk låtskriving. Mange av songane spelt inn før sommaren 1968 kan ha vore meint for eit soloalbum av Ray Davies, sidan Davies var usikker på om dei ville passe til stilen til The Kinks. Etter kvart som konseptet utvikla seg og Kinks opplevde fallande salstal i 1968, vart albumet spelt inn som eit fullverdig Kinks-prosjekt. Davies frykta at bandet var i ferd med å gå frå kvarandre og at dette kunne verte deira siste prosjekt i lag, og la derfor all sjela si i albumet. Han stoppa mellom anna utgjevinga av albumet for å gå gjennom songutvalet på ny.

Temaet på albumet var inspirert av ein song bandet spelt inn i november 1966, kalla «Village Green», som igjen var inspirert av dei rustikke omgjevnadane i Devon i England, der dei heldt konsert på denne tida. Davies har òg oppgjeve Dylan Thomas sin Under Milk Wood som ein indirekte inspirasjon for konseptet. Songen oppsummerer det vidare temaet på albumet: «I miss the village green, and all the simple people...» («Eg saknar landsbyparken og alle dei naive menneska...»). I tillegg til nostalgi omhandlar songane mange tema innan kjensler og opplevingar, som tapte vener («Do You Remember Walter»), minner («People Take Pictures of Each Other», «Picture Book»), idyllisk røyndomsflukt («Animal Farm»), sosial marginalisering («Johnny Thunder», «Wicked Annabella»), offentleg sjenanse («All of My Friends Were There»), barndomsliknande fantasiar («Phenomenal Cat»), gå seg bort frå heimen («Starstruck») og stoisk akseptering av livet («Big Sky», «Sitting By the Riverside»). Davies skreiv ikkje mange av songane for å passe inn med det førehandsvalde temaet, men songane danna i staden eit naturleg felles tema ut frå den nostalgiske låtskrivinga til Davies på denne tida.

Tittelsporet var ein av dei siste songane som vart skriven og spelt inn for albumet (i august 1968) knyt effektivt alle songane saman gjennom eit ønske om å bevare eit litani av sentimentale lekamar, opplevingar og fiktive karakterar frå utvikling og moderne likegyldigheit: «God save little shops, china cups, and virginity». Denne tekstlinja inspirerte til slagordet «God save the Kinks», som vart nytta i promoteringa av albumet i USA, og som vart hengande ved bandet gjennom 1970-åra.[1]

Studiomusikar Nicky Hopkins medverka mykje til albumet. Bortsett frå orkesteret som spelar på den «Village Green», vart strykarane og blåsarane på songar som «Animal Farm», «Days», «Starstruck» og «Phenomenal Cat» simluerte på Mellotron, spelt av både Hopkins og Ray Davies.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet selde dårleg då det kom ut og vart ignorert av dei som kjøpte popmusikk. Ein medverkande faktor var nok at ingen av songane var utprega singlar. Songen «Days» vart ein liten hit i Storbritannia sommaren 1968 og var opphavleg meint for albumet, men etter at singelen «Wonderboy» gjorde det dårleg vart han gjeven ut som ein sjølvstendig singel. Albumet var òg litt musikalsk på sida av det som var trenden på denne tida.

Albumet fekk likevel snart ein kultstatus som eit av dei mest likte albuma til bandet. Sjølv om det nostalgiske konseptet til Davies ikkje passa inn i tida i 1968, fekk det raskt mykje breiare appell. I 2003 vart albumet rangert på 255. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ray Davies. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «The Village Green Preservation Society»   2:45
2. «Do You Remember Walter?»   2:23
3. «Picture Book»   2:34
4. «Johnny Thunder»   2:28
5. «Last of the Steam-powered Trains»   4:03
6. «Big Sky»   2:49
7. «Sitting by the Riverside»   2:21
Side to
# Tittel Lengd
8. «Animal Farm»   2:57
9. «Village Green»   2:08
10. «Starstruck»   2:18
11. «Phenomenal Cat» («Phenominal» på LP-omslaget) 2:34
12. «All of My Friends Were There»   2:23
13. «Wicked Annabella»   2:40
14. «Monica»   2:13
15. «People Take Pictures of Each Other»   2:10

Seint på sommaren 1968 hadde The Kinks håpa på å gje ut albumet som eit dobbeltalbum med 20 spor, men Pye Records avslo dette. Det kom ut ei utgåve med 12 spor i september 1968 i Europa, som i dag er verdifulle på samlarmarknaden. Ray Davies insisterte på å gje ut ei ny utgåve med 15 spor, og produksjonen av utgåva med tolv spor vart stoppa. Den endelege utgåva kom ut i november 1968.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mason, Stewart. «The Village Green Preservation Society». AllMusic Guide. http://www.allmusic.com/song/t2739860.