Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One
Studioalbum av The Kinks
Utgjeve 27. november 1970
Innspelt April til mai og august til september 1970 i Morgan Studios, Willesden, London
Sjanger Rock
Lengd 41:12
Selskap Pye
Produsent Ray Davies
Kritikk
The Kinks-kronologi
Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire)
(1969)
Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One Percy
(1971)

Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One er eit album av det engelske rockebandet The Kinks, spelt inn og gjeve ut i 1970. Det er best kjend for hitsingelen «Lola».

Lola versus Powerman er eit satirisk syn på dei forskjellige aspekta i musikkindustrien, som songutgjevarar («Denmark Street»), fagforeiningar («Get Back in Line»), hitmakarmaskinen («Top of the Pops»), reknskapsførarar og forretningsførarar («The Moneygoround») og turnelivet («This Time Tomorrow»).

Musikalsk er albumet variert, og varierer mellom rolege balladar som «Get Back in Line» og «A Long Way From Home» og hardrocksongar som «Rats» og «Powerman», og «Denmark Street» og «The Moneygoround» som har innslag av engelsk varietémusikk.

Songen «Lola» omhandlar eit møte med ein transvistitt. Davies gjekk bevisst inn for å lage ein hit, etter at bandet i lang stund hadde vore fråverande på både dei amerikanske og britiske hitlistene. For å unngå søksmål, måtte Davies lage ei utgåve av songen der orda «Coca-Cola» vart fjerna.

Suksessen til både singelen og albumet gjorde at bandet kunne forhandle fram ein ny kontrakt med RCA Records, bygge sitt eige London Studio og ta meir kreativ kontroll over bandet. Dei la òg ut på turne i USA etter at dei hadde vore bannlyst frå å halde konsertar der sidan 1965.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ray Davies, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «The Contenders»   2:42
2. «Strangers» (Dave Davies) 3:20
3. «Denmark Street»   2:02
4. «Get Back in Line»   3:04
5. «Lola»   4:01
6. «Top of the Pops»   3:40
7. «The Moneygoround»   1:47
8. «This Time Tomorrow»   3:22
9. «A Long Way From Home»   2:27
10. «Rats» (Dave Davies) 2:40
11. «Apeman»   3:52
12. «Powerman» (Ray Davies/Dave Davies) 4:18
13. «Got to Be Free»   3:01
Bonusspor på CD-utgåve
# Tittel Lengd
14. «Lola (mono single mix)»   4:08
15. «Apeman (acoustic demo)»   3:41
16. «Powerman (acoustic demo)»   4:23

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Who Let the Kinks In?, Loraine Alterman, Rolling Stone, 18. desember 1969