Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire)
| Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire) Studioalbum av The Kinks |
||
| Utgjeve | 10. oktober 1969 | |
| Innspelt | Mai - juli 1969 i Pye Studios, London | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 49:18 | |
| Selskap | Pye (UK), Reprise (US), Sanctuary (2004) |
|
| Produsent | Ray Davies | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| The Kinks-kronologi | ||
| The Kinks Are the Village Green Preservation Society (1968) |
Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire) | Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One (1970) |
Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire) er eit konseptalbum av det engelske rockebandet The Kinks frå seint i 1969. Album kom ut etter ein tøff periode for bandet etter at det kritikarroste albumet The Kinks Are the Village Green Preservation Society frå året før og oppfølgjarsingelen «Plastic Man» selde dårleg, samt at Pete Quaife som var med å grunnleggje bandet slutta. Låtskrivar Ray Davies laga albumet som musikken til eit planlagt fjernsynsskodespel og hadde utarbeidd manuset til teateret i lag med Julian Mitchell. Mitchell har seinare forklart at dei hadde alt klart med skodespelarar og lokasjonar, men at produsenten av stykket møtte til produksjonsmøte utan eit skikkeleg budsjett og stykket vart skrinlagt.
Historia er basert på svigerbror til Davies, Arthur, som flytta frå England til Australia med kona Rose. Rose var den eldre systera til Ray og Dave Davies som var emne i songen «Rosie Won't You Please Come Home» frå albumet Face to Face. Hovudkarakteren Arthur er ein teppelegger og albumet skildrar familien hans i England i etterkrigstida, då moglegheitene var få. Songane skildrar det England som Arthur ein gong kjend, lovnaden om eit betre liv i Austraia for ein av sønene hans, det tomheita i det overfladiske, komfortalble livet hans, det britiske folket under den andre verdskrigen og dødsfallet til broren i den første verdskrigen. Mange av songane, som «Victoria» og «Brainwashed», er eit musikalsk steg tilbake til rock and roll-røtene som The Kinks stort sett hadde unngått i perioden 1966-1968.
Albumet vart kritikarrost då det kom ut, særleg i den amerikanske musikkpressa. Han vart samanlikna med den populære rockeoperaen Tommy av The Who og Hair: The American Tribal Love-Rock Musical, som kom tidlegare på året. Arthur selde moderat og den dårlege komersielle trenden dei hadde hatt sidan 1968 såg ut til å vere snudd. Bandet la òg ut på turne att i USA seint i 1969, etter å ha vorte bannlyst frå å halde konsertar der dei siste fem åra.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Ray Davies, bortsett frå der andre er nemnde.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Victoria» | 3:40 | |||||||
| 2. | «Yes Sir, No Sir» | 3:46 | |||||||
| 3. | «Some Mother's Son» | 3:25 | |||||||
| 4. | «Drivin'» | 3:21 | |||||||
| 5. | «Brainwashed» | 2:34 | |||||||
| 6. | «Australia» | 6:46 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 7. | «Shangri-La» | 5:20 | |||||||
| 8. | «Mr. Churchill Says» | 4:42 | |||||||
| 9. | «She's Bought A Hat Like Princess Marina» | 3:07 | |||||||
| 10. | «Young and Innocent Days» | 3:21 | |||||||
| 11. | «Nothing To Say» | 3:08 | |||||||
| 12. | «Arthur» | 5:27 | |||||||
| Bonusspor på CD | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 13. | «Plastic Man» (Mono version) | 3:04 | |||||||
| 14. | «King Kong» (Mono version) | 3:23 | |||||||
| 15. | «Drivin'» (Mono version) | 3:12 | |||||||
| 16. | «Mindless Child Of Motherhood» (Mono version - Dave Davies) | 3:16 | |||||||
| 17. | «This Man He Weeps Tonight» (Mono version - Dave Davies) | 2:42 | |||||||
| 18. | «Plastic Man» (Stereo version) | 3:04 | |||||||
| 19. | «Mindless Child Of Motherhood» (Stereo version - Dave Davies) | 3:16 | |||||||
| 20. | «This Man He Weeps Tonight» (Stereo version - Dave Davies) | 2:42 | |||||||
| 21. | «She's Bought A Hat Like Princess Marina» (Mono version) | 3:07 | |||||||
| 22. | «Mr. Shoemaker's Daughter» (Mono version) | 3:08 | |||||||
Medverkande [endre]
- Ray Davies – vokal, rytmegitar, keyboard/piano
- Dave Davies – sologitar, korvokal, skriking
- John Dalton – bass, korvokal
- Mick Avory – trommer, perkusjon
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire)» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mai 2009.
|
|
|
|---|---|
| Ray Davies · Dave Davies · Mick Avory John Dalton · Gordon Edwards · Ian Gibbons · John Gosling · Bob Henrit · Andy Pyle · Pete Quaife · Jim Rodford |
|
| Studioalbum | Kinks · Kinda Kinks · The Kink Kontroversy · Face to Face · Something Else by the Kinks · The Kinks Are the Village Green Preservation Society · Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire) · Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One · Muswell Hillbillies · Everybody's in Show-Biz · Preservation: Act 1 · Preservation: Act 2 · Soap Opera · Schoolboys in Disgrace · Sleepwalker · Misfits · Low Budget · Give the People What They Want · State of Confusion · Word of Mouth · Think Visual · UK Jive · Phobia |
| Konsertalbum | Live at Kelvin Hall · One for the Road · Live: The Road · To the Bone |
| Tilknytte artiklar | Diskografi |