Pollenanalyse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pollen frå Lilium auratum

Pollenanalyse er undersøkingar av vanlegvis fossilt eller subfossilt pollen i myr- eller innsjøsediment. Metoden vert nytta til å rekonstruera vegetasjonshistoria til eit område, og kan såleis kasta mykje lys over miljøtilhøva i tidlegare tider.

Pollen er spreiingsmekanismen høgare plantar nyttar for kjønnscellene sine, og inneheldt sædcella dekt av to vernande lag. Det midtre laget, som hovudsakleg består av cellulose vert ikkje bevart, men det ytre sporopolleninlaget er utruleg stabilt og kan halda seg relativt uforandra i millionar av år. Ut frå skilnadar i utforming kan ein skilja ulike plantegrupper frå kvarandre berre ved å sjå på pollenkorna, og såleis identifisera kva slags plantar som har vekse i eit område.

Metode[endre | endre wikiteksten]

Sidan sporopolleninet, som er det best bevarte elementet i pollenkorna, er så kjemisk hardført kan ein nytta ganske kraftige kjemikaliar for å isolera dei ulike korna frå ei prøve. Sedimenta ein skal sjå på må gjennom fleire ulike tilverkingsfasar før korna endeleg vert montert på objektglas og sett på i mikroskop.

Pollen er særs talrike i dei fleste sediment, og ein ser difor ikkje på alle pollenkorna ein isolerer. Avhengig av kor artsrik pollensamansetnaden er og kor mange taksa ein er i stand til å identifisera tel ein mellom 150 og 1000 korn. Somme plantegrupper kan identifiserast ned til art, til dømes kjempeslekta Plantago. Andre har meir einsarta pollen, og kan difor berre identifiserast til slekt eller familie.

Sporar frå karsporeplantar kan òg bevarast godt over lang tid. Ein brukar i store trekk dei same metodane for å utvinna desse som ein gjer med pollen. Dei eldste kjende bevarte sporane er over 400 millionar år gamle, frå silurtida.

Rekonstruksjon av vegetasjon[endre | endre wikiteksten]

Vortemjølk-pollen frå arten Euphorbia pulcherrima

Pollenanalyse er eit særs godt verktøy for å utvinna data om vegetasjonshistorie, og med det òg kunnskap om landskapet i fortida og når det endra seg. Det vert mest gjort for kvartærtida, sidan pollenet frå denne tida i stor grad er identifiserbart med nolevande artar.

For å testa kor riktig biletet pollendiagramma gjev av fortida er, har ein gjort fleire ulike slags eksperiment. Ein har mellom anna sett på vegetasjonen i moderne område og samanlikna han med rekonstruksjonar frå moderne pollen. Dette har gjeve oss kunnskap om kva plantar som produserer meir pollen enn andre og kva slags pollen som spreier seg over størst område.

For å talfesta ulike pollenslag legg ein gjerne til pollen frå artar som ikkje finst naturleg i prøva, og som er lett å kjenna att. Når ein veit kor mykje av dette eksotiske pollenet som er lagt til, kan ein rekna ut om lag kor mykje pollen det er av kvar art i eit gitt volum sediment ut frå kor mykje eksotisk pollen ein tel i den endelege prøva. Kombinerer ein dette med å karbondatera sedimenta, kan ein rekna ut kor mykje pollen som sedimenterast i året.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Pollenanalyse vart først presentert i 1916 av den svenske geologen Lennart von Post. Dette skjedde ved den sekstande skandinaviske naturforskarkonferansen i Kristiania, kor han la fram ein artikkel om pollenfordeling i kjerneprøver frå ulike vatn i Sverige. Dei grunnleggjande arbeidsmetodane han la opp - kvantitative analyser presentert i stratigrafiske diagram - er framleis viktige og grunnleggjande i palaeoøkologien.

Pollenanalyse har mellom anna bidrege til kunnskap om samfunnsendringar på Påskeøya, tidsstadfesting av istider og mellomistider, Lyngheilandskapet og naturlege klimaendringar over tid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • West, R. G.: Studying the Past by Pollen Analysis Oxford Biology Readers 1971