Porsgrunn/Skien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Porsgrunn/Skien
Geografi
Fylke Telemark
Folkemengd[1] 88 860 (2012)
Folketettleik 1 469,2 /km²
Areal[1] 60,48 km²

Porsgrunn/Skien er definert som ein samanhengande tettstad av SSB, og har 88 860 innbyggjarar (2012) fordelde i kommunane Skien, Porsgrunn og Bamble. Tettstaden vert òg omtala som ein dobbeltby eller fleirkjerneby, fordi dei to byane Skien og Porsgrunn har vakse saman. Byane Brevik i Porsgrunn kommune og Langesund og Stathelle i Bamble kommune utgjer også delar av tettstaden Porsgrunn/Skien. Tettstaden femner altså to store og tre mindre byar.

Statistisk sentralbyrå sitt kart over tettstaden Porsgrunn/Skien, som òg femner Brevik, Stathelle og Langesund.

Dobbeltbyen og tettstaden Porsgrunn/Skien utgjer den sentrale delen av Grenlandsregionen som er ein fleirkjernebyregion.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.