Prince Olav Harbour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 54°4′S 37°9′W
Prince Olav Harbour
kvalstasjon
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°4′S 37°9′W
Prince Olav Harbour is located in Antarktis
Prince Olav Harbour (Antarktis)

Prince Olav Harbour er ei lita hamn sørvest i Cook Bay, mellom Point Abrahamsen og Sheep Point, langs nordkysten av Sør-Georgia.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

På 1800-talet var Sør-Georgia først ein base for selfangst og på 1900-talet vart det ein base for kvalfangst. Prince Olav Harbour var ein av sju hovudkvalstasjonar på Sør-Georgia. Prince Olav Harbour låg der ein tidlegare norsk kvalstasjon hadde vore i drift sidan 1911. Kvalstasjonen bestod først av eit kvalkokeri ute i bukta, før ein stasjon på land vart oppretta i 1916. Kvalstasjonen heldt fram som ein landstasjon fram til mars 1931, då han vart lukka. Namnet var i bruk så tidleg som 1912 og vart gjeve av norske kvalfangarar etter kronprins Olav av Noreg.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Brutus» vart køyrt på land her for å tene som bunkringshamn. Skipet vart bygt i Glasgow i 1883 og vog 1700 tonn. Det vart opphavleg kalla «Sierra Pedrosa» og vart taua frå Cape Town. Brutus Island som ligg i bukta er kalla opp etter skipet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whaling Stations on South Georgia (The James Caird Society) http://www.jamescairdsociety.com/shackleton-news.php?id=101408
  2. Sierra Pedrosa (by Fredrik Sandström. Sailing Ships. 2000) http://sailing-ships.oktett.net/704.html

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Prince Olav Harbour» (innhald frå Geographic Names Information System).


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]