King Edward Point

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 54°17′S 36°30′W
King Edward Point
nes
none  Thatcher Peninsula med King Edward Point og Grytviken
Thatcher Peninsula med King Edward Point og Grytviken
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°17′S 36°30′W
Administrert under Antarktistraktaten
King Edward Point is located in Antarktis
King Edward Point (Antarktis)

King Edward Point (òg kalla KEP) er eit nes og ein busetnad med hamn på nordaustkysten av Sør-Georgia. Det ligg ved Cumberland East Bay og vert stundom omtalt som Grytviken, som er ein nedlagd kvalstasjon nær neset ved King Edward Cove.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området vart utforska av Den svenske antarktisekspedisjonen 1901-04 under Otto Nordenskjöld. Det vart namngjeve kring 1906 etter kong Edward VII av Storbritannia.

Sidan 1909 har den britiske leiinga av øya halde til ved King Edward Point.

I 1925 oppretta dei britiske styresmaktene eit marint laboratorium som ein del av Discovery Investigations. Den 1. januar 1950 tok Falkland Islands Dependencies Survey over stasjonen. Stasjonen var bemanna frå 1. januar 1952 til 13. november 1969.

British Antarctic Survey var ved stasjonen til 1982.

I starten av Falklandskrigen den 3. april 1982 okkuperte argentinske styrkar Sør-Georgia og stengde stasjonen. Dei vart kort tid etter drivne bort under operasjon Paraquet og britiske miltiærstyrkar.

Ei rekkje sivile marineoffiserar vart utpeikt til å utføre toll- og fiskeoppgåvene for leiinga av Sør-Georgia Government frå 1991, i tillegg til ein liten garnison.

Den 22. mars 2001 opna British Antarctic Survey på ny stasjonen. Fleire av dei gamle og falleferdige (men utan tvil historiske) bygningane vart øydelagde og bygde opp att, utanom Discovery House (1925) og Gaol (1912).

I dag[endre | endre wikiteksten]

King Edward Point i 2011

I dag held ni personar frå BAS til på stasjonen om vinteren, og om sommaren kring 18. Dei tilsette ved det sommaropne museumet i Grytviken er òg innkvartert ved KEP.

At stasjonen er kontinuerleg i drift har òg eit politisk føremål, sidan det er med på å oppretthalde det britiske statsveldet over øya mot Argentina sitt krav.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: King Edward Point