Fortunabreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fortunabreen
isbre
Fortunabreen
Land  Storbritannia
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°6′S 36°51′W / 54.100°S 36.850°W / -54.100; -36.850
Kart
Fortunabreen
54°06′S 36°51′W / 54.1°S 36.85°W / -54.1; -36.85
Wikimedia Commons: Fortuna Glacier

Fortunabreen er ein tidvassisbre ved munningen av Cumberland Bay på øya Sør-Georgia. Han flyt nordaustover til han endar like vest for Cape Best, med ein austleg sidebre som nesten når vestsida av Fortuna Bay, på nordkysten av Sør-Georgia. Han vart namngjeven kring 1912, truleg etter kvalskuta «Fortuna».[1] Han er den største isbreen på øya og er kjend for to hendingar på 1900-talet.

1916[endre | endre wikiteksten]

I midten av april 1915 vart skipet til Ernest Shackleton, «Endurance», med 27 mann ombord, fastlåst i isen i Weddellhavet like utanfor Antarktis. Våren 1916, då isen smelta og dreiv nord, vart skipet knust. Mennene nytta livbåtar for å kome seg til Elefantøya, ei aude, folketom øy utanfor Den antarktiske halvøya. Der vart dei stranda. Shackleton og fem andre stuva seg inn ein livbåt (kalla «James Caird»), og segla 1300 km over det iskalde Scotiahavet, og nådde på mirakuløst vis Sør-Georgia to veker seinare. Med store vanskar gjekk dei i land på den folketomme vestsida av øya ved King Haakon Bay. Forfrosne og utmatta med dårlege klede og dekte av havsalt, klarte dei ikkje å setje segl att i vinden, straumane og den grove sjøen til ein av kvalstasjonen på austsida av øya, som var den einaste busetnaden på Sør-Georgia. For å kome seg der måtte dei krysse ukjende fjell og isbrear med mange bresprekker utan utstyr (på den tida var det indre av øya heilt ukjend). Shackleton var ustoppeleg, stranda båten og med to andre la han i veg over øya, og kryssa Fortunabreen i prosessen. 36 timar seinare, utan søvn eller kvile, nådde dei kvalfangststasjonen Strømnes.

1982[endre | endre wikiteksten]

Fortunabreen i november

Argentina okkuperte Falklandsøyane og Sør-Georgia med militærmakt, tok britiske armerte styrkar øya attende i Operasjon Paraquet, og dreiv dei argentinske styrkane bort frå øya. Ein valde å setje i land fjellsoldatar frå Special Air Serviceisbreen, for så å gå mot Grytviken frå den mest usannsynlege retninga. Etter at soldatane var sett på breen var tilhøva særs dårlege med særs dårleg sikt og kraftig vind, den 21. april 1982. Vêrtilhøva vart gradvis verre. I løpet av fleire redningsforsøk dagen etter med tre helikopter, og eit Wessex V-helikopter styrta i dei ekstreme vêrtilhøva. Eit av dei andre helikoptera klarte å redde alle soldatane like før det vart mørkt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fortuna Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. januar 2014. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Fortunabreen» (innhald frå Geographic Names Information System).