Profesjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Enlist in a Proud Profession». Reklame for amerikansk militærsjukepleie frå 1940-talet.

Profesjon viser til eit yrke, ofte noko ein er faglært i og som krev ein viss spesialisert kunnskap og dugleik.[1] Nokre omgrep knytt til profesjon er «profesjonalitet», «profesjonell» og «proff», som kan gå ut på å ha ei fagmessig og lite kjensleprega haldning til oppgåva. Ordet «profesjon» er avleidd frå latinsk professio, 'offisiell yrkesutnemning'.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå gammalt av fanst det tre akademiske profesjonar: presteteneste, medisin og juss. Desse var i stor grad knytte til embetsmannstanden og til mellomklassen. Dei tre profesjonane har kvar sin særskilde profesjonsetikk, og medlemmane vert nesten universelt kravd å sverje ei form for eid om å stå ved og forsvare denne etikken. Gjennom denne eiden, og opplæring innan faget, er medlemmane i ein profesjon venta å føle eit ansvar for å følgje dei etiske reglane og oppføre seg i tråd med dei.

Ei viss profesjonalisering, også av andre yrke, kan seiast å ha byrja i mellomalderen med innstiftinga av laug som styrte kven som kunne utøve eit yrke og krava til dei. Denne profesjonaliseringa skaut likevel først fart på 1800- og 1900-talet, med aukande utbreiing av yrkesretta høgare utdanning, yrkesorganisasjonar og yrkesstandardar.[2]

Verna yrkestittel[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet «profesjon» i snever tyding viser ofte til verna yrkestitlar. Dette er yrkesgrupper der utøvarar må ha ein viss bakgrunn, typisk ei spesialisert utdanning med praksis og ein eller fleire eksamenar som gjev autorisasjon. Krava til kven som kan bruka verna yrkestitlar blir gjerne sette i samråd mellom styresmakter og yrkesorganisasjonar. Nokre døme på verna yrkestitlar er lege, psykolog, provisorfarmasøyt, reseptarfarmasøyt, sjukepleiar, advokat, statsautorisert revisor og registrert revisor.

Andre profesjonar[endre | endre wikiteksten]

Også fleire andre yrkesgrupper går gjennom det ein kallar profesjonsutdanning. Profesjonsstudium er studium på høgskule- eller universitetsnivå som fører fram mot eit visst yrke. Profesjonsstudia får stadig fleire fellestrekk med den tradisjonelle akademiske opplæringa i vitskaplege disiplinar, men skil seg frå reine akademiske studium ved at ein i tillegg til teoretisk utdanning også krev praktisk erfaring.

Den største profesjonen i den moderne velferdsstaten er lærarane, der ein kan ta utdanning som allmennlærar, førskolelærar og faglærar. Andre profesjonsutdanningar i Noreg er sjukepleie, fysioterapi, ergoterapi, radiografi, sosionomi, barnevernspedagogikk, vernepleie, ingeniør, medisin, farmasi, journalistikk, revisjon, økonomisk/administrative fag og bibliotek og informasjonsfag, psykolog, arkitekt, landskapsarkitekt, veterinær, tannlege og jurist.

Også fagutdanningar med fagbrev kan kallast profesjon, til dømes røyrleggjar eller tømrar. Ein bruker også omgrepet om nokon som ikkje nødvendigvis er faglærte, men har gjort leveveg av noko andre kanskje berre er amatørar i, som songarar og fotballspelarar.[1]

Studiar av profesjonar[endre | endre wikiteksten]

Studiar av profesjoner, profesjonsutøving og profesjonskvalifisering blir omtala som profesjonsstudiar.

Ved Høgskolen i Oslo og Akershus er det eit senter som forskar på profesjonar: Senter for profesjonsstudier (SPS).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]