Graslauk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Graslauk


Graslauk
Graslauk

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Liliopsida
Orden: Asparagales
Familie: Amaryllidaceae
Underfamilie: Alliaceae
Slekt: Allium
Art: A. schoenoprasum
Vitskapleg namn
Allium schoenoprasum

Graslauk (Allium schoenoprasum) er ein art i laukslekta i påskeliljefamilien. Arten har ei nordleg sirkumpolar utbreiiing, det vil seie at ein kan finne den rundt heile den nordlege halvkula. Innom utbreiingsområdet er arten mangeforma og det er gjort flerie forsøk på å dele arten inn i underartar og varietetar, men det har vist seg vanskeleg å skilje ut grupper med unike særtrekk.

Graslauk med blomar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Graslauk er ein fleirårig urt, med lauk og blir opp til 30 cm høg. Den er ofte nytta som staude i blomsterbed sidan den kan danne tuer. Både blad og blomsterstenglar er innhole og hårlause. Vidare er dei slanke og lyst grågrøne. Blomstrane er sekstalige, klokkeforma og om lag 1 cm lange. Fargen varierer frå raudfiolett, fiolett til lys fiolett og kan i sjeldne tilfelle vere kvit. Blomstrane sitt på enden av blomsterstengelen i ein kuleforma halvskjerm. Blomsterstanden er dekt av eit papiraktig høgblad før blomstring. Frukta er kapslar med mange frø. Blomstringa skjer i juni-juli.

Graslauk varierer i utsjånad og eit par varietetar blir tradisjonelt seld i Norden, som alvargraslauk (var. alvarense Hyl.), sibirgraslauk (var. sibiricum (L.) Hartm.), og hovudvarieteten vanleg graslauk (var. schoenoprasum).

Ein liknande art som ofte blir dyrka er kinesisk graslauk (A. tuberosum) som har ein mild smak av kvitlauk. Den har ikkje holrom inne i blada og har kvite blomstrar, og er ikkje i særskilt nært slekt med graslauken.

Brødskive med graslauk.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

På graslauk er det blada som blir nytta som krydder. Desse blir anten nytta ferske eller tørka. Blada blir klipt opp i passande lengder på nokre millimeter og blir sett til salatar, eggerøre og til ulike silderettar, og for å lage farge og smak strødd over matrettar som kokt potet og på smørbrød.

Nokre underartar og varietetar[endre | endre wikiteksten]

Inndelinga er vanskeleg sidan det finst ei lang rekke mellomformer. Det er derfor ingen endeleg strikt vitskapleg klassifikasjon, men meir eit forsøk på å systematisere materialet. Likevel veks somme innanfor eit naturleg avgrensa område.

  • A. schoenoprasum ssp. schoenoprasum var. alvarense Hyl. (1953) - Alvargraslauk, veks på Gotland og Øland i Sverige
  • A. schoenoprasum ssp. schoenoprasumvar. jurmoënse O. A. Eklund - Skjærgårdsgraslauk, veks på Jurmo i Finland[1][2]
  • A. schoenoprasum ssp. schoenoprasum - Vanleg graslauk
  • A. schoenoprasum ssp. sibiricum auct., non (L.) Celak. - Sibirgraslauk[3]

Sortar[endre | endre wikiteksten]

Allium schoenoprasum 'Album' med kvite blomstrar.

Mange sortar blir dyrka i hagar og i jordbruket.

  • 'Album' - er ein klonesort som har kvite blomar
  • 'Black Isle Blush' (D.W. Ross 1996) - har lillarosa blomstrar som mørknar sakte i midten.
  • 'Curly Mauve' har utbreiande, krølla blad.
  • 'Forescate' - er ein ekstra storblommig klone med rosaraude blomstrar.
  • 'Grobi' - har store blad med ekstra sterk smak.
  • 'Grolau' - er ein sveitsisk frøsort som blir dyrka i drivhus. Korte, mørkt grøne blad og ekstra mørke blomstrar.
  • 'Pink Perfection' (D.W. Ross 1996) - klart rosa blomstrar som held lenge på fargen.
  • 'Pralau' - har mellomstore blad med ein fin farge.
  • 'Staro' - er ein sort med ekstra grove blad.
  • 'Wallington White' (Monksilver Nursery 1992) - blomstrane er bleikrosa, nesten kvite, i kulerunde hovud, til 35 mm i diameter. Stilkane blir 35-45 cm. Kraftig veksande.

Andre sorter er 'Dominant', 'Fitlau', 'Grovbladig, 'Hammenhögs Special', 'Kirdo', Mellanfin', 'Netherbyres Dwarf', 'Polycross', 'Polyvert', 'Silver Chimes', 'Vanlig' og 'Wilan'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Graslauk