Raudtoppfuglekonge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raudtoppfuglekonge


Firecrest93.JPG

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Regulidae
Slekt: Regulus
Vitskapleg namn
Regulus ignicapilla

Raudtoppfuglekonge (Regulus ignicapilla) er ein fugl i fuglekongefamilien. Han liknar fuglekongen, men er meir olivengrøn på ryggen, og har kvit strek gjennom augnebrynet. Issestripa til hannane er meir oransjeraud enn fuglekongen si, derav namnet raudtopp. Fuglen er den nest minste i Europa, etter fuglekongen - han blir 9 til 10 cm lang.

Foto av raudtoppfuglekonge.
Raudtoppfuglekongeegg.

Raudtoppfuglekongen hekkar i Mellom- og Sør-Europa, Tyrkia og Nord-Afrika. I Noreg er han ein sjeldan gjest, og då oftast under trekket om våren eller hausten. I 2003 har fuglen vorte observert til saman 53 gonger her i landet, men har gjesta Danmark og Sverige noko oftare. Fuglen er rastlaus, stadig på jakt etter insekt.

Ein art av fuglekonge på Madeira vart lenge sett på som ein underart av raudtoppfuglekonge, men har no fått status som eigen art; Regulus madeirensis. Arten har enno ikkje fått norsk namn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]