Rock Bottom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rock Bottom
Studioalbum av Robert Wyatt
Innspelt Delfina's Farm, Little Chalfont (grunnspor), februar 1974 - The Manor Studio, Oxfordshire og CBS, London, april–mai 1974
Sjanger Progressiv rock
Canterbury scene
Lengd 39:31
Selskap Virgin Records 2017
Produsent Nick Mason
Kritikk
Robert Wyatt-kronologi
The End of an Ear
(1970)
Rock Bottom Ruth Is Stranger Than Richard
(1975)

Rock Bottom er det andre soloalbumet til den tidlegare Soft Machine-trommeslagaren Robert Wyatt. Det kom ut 26. juli 1974 på Virgin Records. Sjølv om Rock Bottom teknisk sett er et andre soloalbumet til Wyatt har han i fleire intervju sagt at han reknar føregjengaren The End of an Ear som eit produkt frå ungdomen og ikkje ein del av «kanonen» hans.[1] Albumet vart produsert av Pink Floyd-trommeslagar Nick Mason.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Matching Mole vart oppløyst etter at dei gav ut Little Red Record og Wyatt byrja å skrive songane som kom ut på Rock Bottom. Førebuingane til albumet vart stoppa av ei ulukke kvelden den 1. juni 1973. Under ein fest i London fall ein full Wyatt ut eit baderomsvindauge i fjerde etasje på eit hus og vart alvorleg skadd. Han vart lam frå livet og ned etter ulukka. Wyatt har sidan nytta rullestol. Han kalla seinare hendinga byrjinga på modenheita si og på sjukehuset heldt han fram med å arbeide med songane som kom ut på Rock Bottom. «Eg var berre letta for at eg i det heile kunne gjere noko frå rullestolen», sa Wyatt. «Om noko, så hjelpte det å vere lam meg med musikken fordi då eg var på sjukehuset gjorde det meg fri til å drøyme, og å verkeleg tenke gjennom musikken.»[2] I løpet av seks månader var han attende i platestudio og var på scenen i Rainbow Theatre i London med Pink Floyd og Soft Machine, som gav bort inntektene frå konserten til han. Sjølv om musikken i seg sjølv er intens og ofte opprivande, er tekstane på songane fyldige og djupt personlege, men Wyatt har nekta for at materialet var ei direkte årsak av ulukka og den lange rekonvalesensperioden. Mykje av albumet vart skriven i Venezia tidleg i 1973, før ulukka, der partnaren hans og den framtidige kona (diktaren Alfreda Benge) arbeidde med Nicolas Roeg og filmen Don't Look Now.[3]

Konsept[endre | endre wikiteksten]

Med vener og kjente som Fred Frith, Ivor Cutler og Nick Mason (som produserte heile albumet), spelte Wyatt inn det meste av albumet kort tid etter han kom ut av sjukehuset. Sommaren 1974 vart albumet gjeven ut til god kritikk. Cutler sitt bidrag (opplesing av ei delvis meiningslaus soge halvvegs gjennom «Little Red Riding Hood Hit the Road» og intonere same diktet i flat barytonstemme mot slutten av «Little Red Robin Hood Hit the Road» mot slutten av albumet) vart rekt fram som eit høgdepunkt og førte til at han fekk ein platekontrakt for tre album med Virgin Records.

Albumet er intenst, men likevel avdempa og roleg og skildrar abstrakte bilete av smerte, tap og liding som vert pressa gjennom med levande glimt av kjærleik og fornying, inspirert som det var av det nye forholdet hans til Alfreda Benge, som han gifta seg med same dag som of Rock Bottom kom ut. Dei har budd i Lincolnshire sidan og Benge har laga plateomslaga til alle dei seinare platene hans.

Rock Bottom inneheld seks songar, somme med meir tradisjonelle songstrukturar (som opningssongen «Sea Song» eller «Alifib»), medan ander er mindre definerte, meir ekspresjonistiske med jazzpåverknader (som i «Alife» eller «Little Red Riding Hood Hit the Road»). Side to starta med ein slags medley («Alifib/Alife»), der Wyatt først syng og så les opp teksten som visstnok er dedisert Alfreda Benge. Siste songen på albumet, «Little Red Robin Hood Hit The Road» er delt i to delar, den første er melodisk progressiv rock med elektrisk gitarar, medan den andre delen—som liknar lite på den første—berre er eit harmonium, fiolin og gjestevokalisten Ivor Cutler.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Rock Bottom selde betre enn venta og fekk positive meldingar. Plata og god publisitet etablerte Wyatt som ein respektert soloartist som var sjølvstendig frå Soft Machine. Like etter gav Wyatt ut singelen «I'm a Believer», ein beintfram coverversjon av songen frå 1960-talet, som nådde Topp 30 i Storbritannia. Etter det neste albumet Ruth Is Stranger Than Richard, gav ikkje Wyatt ut fleire album før Old Rottenhat i 1985. Rock Bottom vart plassert på 98. plass på lista til Pitchfork Media over dei 100 beste albuma frå 1970-åra.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Robert Wyatt.

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Sea Song»   6:31
2. «A Last Straw»   5:46
3. «Little Red Riding Hood Hit the Road»   7:40
Side to
# Tittel Lengd
4. «Alifib»   6:55
5. «Alife»   6:31
6. «Little Red Robin Hood Hit the Road»   6:08

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. King, M., Wrong Satsar - A Robert Wyatt History (1999), ISBN 0-946719-10-1
  2. http://www.disco-robertwyatt.com/images/Robert/interviews/QOct1991/index.htm
  3. Frå Wyatt sin eigen tekst på plateomslaget til Rock Bottom på Hannibal/Rykodisc
  4. http://pitchfork.com/features/staff-lists/5932-top-100-albums-of-the-1970s/