Rognkjekse og rognkall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rognkjekse og rognkall


Rognkjeks
Rognkjeks

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Actinopterygii
Infraklasse: Teleostei
Orden: Scorpaeniformes
Familie: Cyclopteridae
Slekt: Cyclopterus
Art: ''C. lumpus''
Vitskapleg namn
Cyclopterus lumpus
Rognkjekse / rognkall
Namn på andre språk
Svensk Sjurygg, Kvabbso / stenbit
Dansk Stenbider
Engelsk Lumpsucker
Tysk Seehase, Lump, Lumpfisch
Fransk Lompe, lump, lièvre de mer, cycloptère, grosse poule de mer
Spansk Lompa
Russisk Pinagor (Пинагор), morskoj vorobej (морской воробей)

Rognkjekse og rognkall (Cyclopterus lumpus) er høvesvis hoa og hannen hjå ein beinfisk i rognkjeks- og ringbukfamilien. Arten er lett å kjenna att på den klumpete kroppen og sugeskiva dei har på buken. Han er vanleg nord i Atlanterhavet frå nord-Portugal og nordover, og trivst helst på grunt vatn frå fjøra og ned til 50-60 m.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Rognkjekse og rognkall har klumpete kroppar med små hovud. På ryggen har dei ein karakteristisk pukkel, som veks med alderen og er størst hjå hannen. På buken har dei ei sugeskive som dekker om lag 1/5 av kroppen og er omdanna frå bukfinnane. Brystfinnane sit delvis på undersida av fisken. Langs sidene og mellom ryggfinnane har dei tre rekkjer med store vorter.

Rognkjekse kan bli over 60 cm og vege 5,5 Kg. Hannar vert sjeldan lengre enn 50 cm.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Rognkjeksa lever oseanodromt, det vil seie at ho heldt seg nær botnen i kyststrok i gytetida medan ho er pelagisk elles i livet. Som andre artar i familien praktiserer dei yngelpleie; rognkallen vaktar egga fram til dei vert klekt, noko som ofte kan ta opp mot to månadar. I tillegg til å jaga vekk predatorar syt han òg for at rogna vert tilført friskt vatn.

Fisken er solitær oftare enn stimlevande. Han lever stort sett av planktoniske krepsdyr, manetar, småfisk og børstemakk.

Økonomisk verdi[endre | endre wikiteksten]

Rognkjekse har truleg vorte fiska i fleire hundre år. Ein vanleg fangstmetode har vore å spidda hannar som har vakta egg på grunt vatn med eit fiskespyd. Den dag i dag er det rognkallen sitt kjøt som er det mest ettertrakta av vaksne fisk.

I nyare tid har derimot rogna til rognkjeksa vorte viktigast og mest verdifull. Ein fangar i dag helst kjønnsmogne hoer for å ta rogna ut av kroppen. Særleg på Island er dette ei stor næring, ein reknar med at 70 % av all rognkjeksrogn som vert omsett - 1600 tonn - vert fiska der. Dette vert marknadsført som kaviar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Moen, Frank Emil & Svendsen, Erling: Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna Kom forlag 2003
  • Kjørsvik, Elin: «Ulkefisk» i Norges dyr, Cappelen 1992
  • FishBase