Isfjorden på Svalbard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå Isfjorden.
Foto: Jerzy Strzelecki
Isfjorden.

Isfjorden er ein fjord på vestsida av SpitsbergenSvalbard. På sørsida av fjorden ligg halvøya Nordenskiöld land, på nordsida Oscar II land og Dickson land. Munningen av fjorden er prega av avrunda fjell av folda grunnfjell. På sørsida, innanfor Armen Grønfjorden, er det platåforma fjell opp mot 1000 meters høgd. Desse fjella er av avleiringar frå Devon og tertiær-tida, og dei tertiære laga inneheld kol.

Rundt fjorden ligg fleire av dei nåverande og tidlegare busette områda på Svalbard: Barentsburg, Longyearbyen og dei nedlagte Pyramiden, Colesbukta og Grumant. Ytterst i fjorden, på sørsida, ligg den nedlagte radiostasjonen Isfjord radio. Fjorden er 102 km lang og er den nest lengste fjorden på Svalbard etter Wijdefjorden. På det breiaste er han om lag 24 km brei. Frå Isfjorden går det av fleire fjordar: Grønfjorden (med Barentsburg), Adventfjorden (med Longyearbyen), Sassenfjorden som inst heiter Tempelfjorden, Billefjorden (med Pyramiden) og Nordfjorden som delar seg i Dicksonfjorden og Ekmanfjorden.

På grunn av lokale klimatiske tilhøve har nordsida av Isfjorden fleire brear som ender med fronten i sjøen. På sørsida finst det berre brear inst i Grønfjorden, og desse endar på land. Det ligg tre fuglereservat i Isfjorden, på Kapp Linné, Bohemanneset og Gåsøyane.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).

Koordinatar: 78°17′28″N 14°57′18″E

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.