Rogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå fiskerogn.
Rogn
Rogn
Rogn
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av rogn
Utbreiinga av rogn
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Eplefamilien Maloideae
Slekt: Asalslekta Sorbus
Art: Rogn S. aucuparia
Vitskapleg namn
Sorbus aucuparia

Rogn (Sorbus aucuparia) eller raun er eit lauvtre i planteslekta Sorbus og sorterer under rosefamilien. Namnet rogn kjem frå norrønt «reynir» som har samanheng med ordet raud.

Eit rognetre.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vekstform[endre | endre wikiteksten]

Rogn veks som pionertre og i skogbryn over heile Europa, bortsett frå i Middelhavslanda og i Alpane. Treet finst i heile Noreg og opp til 1500 moh. i sør. Det veks i alle jordtypar, frå våt og sur jord til næringsfattig sandjord. Rogna er lyskrevjande, men toler vind. Rognetre kan bli opptil hundre år gamle.

Treet kan bli opp til 10 meter høgt, avhengig av klima. Langs kysten og i fjellet kan rogn også vere i buskeform. Unge tre er slanke og kjegleforma, men etter som tida går blir dei meir avrunda og buskete. Dette er fordi treet ofte manglar eigentlege toppskot.

Borken er brun og glatt. På eldre tre kan han sprekke opp.

Rogneblad og umogne bær.

Blad[endre | endre wikiteksten]

Blada er taggete og smale og sit parvis saman. Treet feller dei om hausten.

Blomar og bær[endre | endre wikiteksten]

Kvite rogneblomar.
Mogne rognebær.

Rogna har talrike kvite blomar i ein halvskjerm som blir til små, epleaktige bær. Blomane trekkjer til seg fluger og har difor ei sterk, stram lukt som likevel ikkje rekk langt frå treet, slik god lukt frå til dømes syrin eller kaprifolium gjer.

Når bæra blir mogne på haustsida, får dei ei raudoransje farge. Skalet er mjukt og tynt. Dei er sure, men fuglar, særleg trost og sidensvans, likar smaken, og sørgjer for at dei blir spreidde. Nye rognetre kan veksa så godt som overalt: På tak, murar, i bergveggar, og i kronene eller stubbane av gamle tre.

Rogn i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Rognetru[endre | endre wikiteksten]

Rogna skal ha sterke magiske krefter, og er blitt brukt som tuntre i både Skottland og Finland for å verna mot alt vondt. I norrøn tid var treet vigd guden Tor, og det opptrer i fleire segner.

I Noreg knyter det seg særleg magiske førestillingar til flogrogn, det vil seia rogn som har spira og slege rot oppe i andre tre. Ski laga av slik rogn skulle gå mest av seg sjølv, økseskaft av flogrogn gav vern mot sjølvhogg, og rogn brukt i ymse reiskapar skulle gje vern mot trolldom og vonde makter.[1]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Rogn blir nytta i treforedlingsindustrien og som fyringsved. Rogneveden er hard og seig, og eignar seg godt som dreieemne og som skaft til ulike verktøy. Tidlegare vart rogn òg brukt til å lage ski og på grunn av styrken har det og vore vanleg med rogn til sleggeskaft[2].

Borken kan brukast til garving og har òg vore brukt som dyrefôr.

Bæra er sure, men kan nyttast i til dømes rognebærgelé. Frysing av bæra gjer dei mindre sure, men senker òg innhaldet av pektin slik at dei blir mindre eigna til gelélaging. Rognebær skal òg vera ein viktig ingrediens i brennevinet Gammel Dansk.

Tidlegare blei rognebær brukt som urindrivande middel, mot nyrestein og mot skjørbuk.

Ville dyr som elg et gjerne bork, tynne kvistar og blad av rogn.

Kommuneblom[endre | endre wikiteksten]

Rogn er kommuneblomen til Skaun kommune.

På Jæren[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1800-talet, då ein byrja med skogplanting, var rogna det einaste treslaget på Jæren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ove Arbo Høeg (1975). Planter og tradisjon. Oslo: Universitetsforlaget. 
  2. Godal, Jon Tre til båtar. Landbruksforlaget, 2001, s. 56.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]