Morell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morell
Morell
Morell
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Morell
Utbreiinga av Morell
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Amygdaloideae
Stamme: Amygdaleae
Slekt: Kirsebærslekta Prunus
Art: Morell P. avium
Vitskapleg namn
Prunus avium

Morell eller søtkirsebær (Prunus avium) er ei steinfrukt. I same planteslekta, Prunus, finn ein mellom anna hegg og kirsebær. Omgrepet «morell» er opphavleg namnet på ein gamal kirsebærsort som skal ha stamma fra Château de Moreilles i Frankrike. Dette er eigentleg sure, mørke kirsebær (Prunus cerasus), men på norsk vert namnet feilaktig brukt om søtkirsebær.

Eit blømande morelltre.

Morelltre veks vilt i Vest-Asia og Europa, og i Noreg langs heile kysten opp til Nord-Trøndelag. Trea kan verta både store og gamle. Treverket er fast, tydeleg strukturert og kan brukast i møblar, musikkinstrument, og til tredreiing. Moreller har vorte dyrka i Noreg sidan 1700-talet.

Både treet og blada er større enn kirsebær. Fruktkjøtet er fastare enn kjøtet i kirsebær. Fargen på frukta kan variera frå svart, brunt raudt og til gult både hjå viltveksande og dyrka sortar. Storleiken varierer òg, men dyrka morellfrukter er større enn dei viltveksande. Morellfrukta har ofte kløft mellom stilken og botnen. Smaken er mild og søt, noko som gjer moreller populære blant folk flest. Næringsinnhaldet per 100 mg er ca 10 mg C-vitamin, 173 mg kalium, 86 % vatn og 207 kJ tilført energi.

Morell i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Morellen er den av norske frukttreartar som toler minst frost over jorda. Moreller vert difor særleg dyrka der normaltemperaturen er kring 0 °C om vinteren. Morellen blømer tidleg, i Noreg om lag i mai månad, og kan difor vera utsett for frost i bløminga. Nokre morelltre vert nytta som prydtre for den vakre bløminga. I Noreg vert det dyrka mest moreller i indre Hardanger, men også noko i Telemark og Vestfold.

Lofthus i Hardanger vert Morellfestivalen halde siste helga i juli kvart år grunna den utbreidde morelldyrkinga i bygda og kommunen. Her vert det m.a. avhalde NM i morellsteinspytting som er hovudattraksjonen til festivalen.

Nokre kjende morellslag er:

  • Van
  • Werderske (Werderske hjerte)
  • Dønningens gule
  • Kvit spansk
  • Hedelfinger kjempe

Kjelder[endre | endre wikiteksten]