Reinrose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Reinrose


Reinrose
Reinrose

Systematikk
Rike: Plantar
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Rosales
Familie: Rosefamilien
Slekt: Dryas
Vitskapleg namn
Dryas octopetala

Reinrose (Dryas octopetala) er ei fjellplante som veks på laus, kalkrik grunn i kjølige strøk på den nordlege halvkula. Planta har vore brukt som medisin i fleire samfunn, har gjeve namn til Dryas-tida, og er fylkesblom for Sør-Trøndelag.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Reinrosa er arktisk sirkumpolar. Ho veks i alle norske fjellstrøk. Høgaste funn er 2275 moh. i Jotunheimen. I Nord-Noreg og på Svalbard veks ho heilt ned i strandkanten. Det er og spreidde låglandsforekømstar i Sør-Noreg. Mellom anna veks ho ved Langesund. Forutan i arktiske strøk, finn ein reinrosa som fjellplante i Skandinavia, Alpane, Karpatane, på Balkan og i Kaukasus. I Storbritannia er ho funne i Wales og i Nord-England. I det skotske høglandet er ho vanleg. I Nord-Amerika er ho vanleg i Alaska, og veks så langt sør som Colorado i Rocky Mountains.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Holtasoley-1831.gif

Reinrosa høyrer til rosefamilien. Blada er bukttagga. Dei liknar på små eikeblad, noko som var grunnen til at Linné kalla reinrosa for Dryas etter dryadene, små skognymfer som etter gresk mytologi budde i eiketre. Octopetala kjem av octo, 'åtte', og petala, 'kronblad'. Åtte er eit uvanleg tal kronblad i rosefamilien.

Reinrosa er ein liten busk med nærmast krypande stengel. Ho veks svært seint. Planter med ein stammediameter på 10 mm kan vere så mykje som 100 år gamle. Det går opptil 10 år frå ho startar å vekse til ho blømer. Blada er mørkt grøne på oversida. Undersida er kvit og hårete. Her sit spalteopningane. Reinrosa blømer tidleg, oftast i mai til juni. Dei kvite blomane sit på 3 - 5 cm lange stilkar. Dei roterer 360 grader, slik at dei heile døgeret vender mot sola. Ho har til vanleg åtte kronblad, men det kan og vera fleire. I Finnmark kan ein finne ein variant med små, noko gule kronblad. Reinrosa vert oftast pollinert av insekt. Sjølvbestøving kan og forekome. Etter avblomstring veks stilken. Det utviklar seg mange nøttefrukter. Griffelen fell ikkje av, som han gjer på dei fleste andre planter. I staden veks han til eit stort fjørliknande spreiingsorgan som vinden lett får tak i.

Reinrosa veks på kalkhaldig grunn. Kalkrike, tørre og vindeksponerte heiar og rabbar i fjellet vert ofte kalla reinrosehei eller Dryas-hei. Dette fordi reinrosa syner så godt att, og ofte er svært talrik. Her er og fjellplanter som fjellsmelle, raudsildre, fjellveronika, flekkmure og setermjelt. Sjeldnare fjellplanter er òg ofte å finne. Sidan reinrosa er ein lav busk som ofte lagar teppe langs bakken, er ho med på å gi livd til andre planter som elles ikkje kunne ha vakse på så krevjande stader. Andre stader kan ho konkurrere ut andre artar. Kring røtene til reinrosa kan det vekse mykorrhiza, nettverk av sopptrådar. Soppen trengjer inn mellom rotcellene og hjelper til med forsyning av nitrogen og vatn. Her vert det høg konsentrasjon av salt. Det kan gjere at planta kan take opp vatn sjølv frå frosen jord.

Eit teppe av reinroser.

Klimaindikator[endre | endre wikiteksten]

Då isen trekte seg tilbake etter siste istida, var reinrosa ei av dei plantene som koloniserte dei avsmelta steppelandskapa. Etter som klima og næringsgrunnlag vart betre, vart ho, til liks med andre planter i dette plantesamfunnet, fortrengd av meir kravstore artar. Denne utviklinga frå nøysame tundraplanter til eng og skog kan ein sjå i avleiringar, mellom anna i Skåne. Fordi det i dette materialet finst mykje av dei lettkjennelege og godt bevarte reinroseblada, har tida funna stammar frå vorte kalla Dryas-tida.

I ei utvikling mot varmare klima vil ein no sjå det same. Forsøk har vist at auka næringstilgang og høgare temperatur aukar førekomsten av graminoidar (gras og starr) og urter på kostnad av reinroser.[1]

Reinrosefrukter

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Medisinsk[endre | endre wikiteksten]

Det er lite tradisjon om bruk av reinrosa i Sør-Noreg. Samane har brukt ho som medisin mot fleire sjukdomar. På Island har ho og vorte brukt som medisinplante. Ho vart rekna som generelt styrkande, blodreinsande og verksam mot diaré. Vanlegaste bruksmåten var te av knuste blad. Mot snue vart eit pulver av turka og knuste blad av reinrose og smørblomst snust inn i nasen. Mot hardnakka hoste vart planta lagt på bålet, og røyken innanda av den sjuke. Safta av friske blad vart brukt mot vorter.

I Sør-Europa har reinrose vorte brukt mot betennelse i munn og hals.

Granskingar har vist at reinrosa inneheld garvestoff og fleire viktige mineral, som kalsium og kiselsyre. Kiselsyra er med på å styrke slimhinnene si motstandskraft mot betennelse. Garvesyra er verksam mot diaré og slimhinnesår. Forsøk har vist at reinrosa verkar apetittvekkande og stimulerer fordøyelsen.

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Brukt til farging av garn gir reinrosa gule og brune nyansar. Om vinteren vert reinroseblad beitte av reinsdyr. På Island vert blada kalla rjúpnalauf, av di dei er viktige som vintermat for rjuper.

Reinroser vert planta i hagar, særleg i steinbedd.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Reinrosa vart utnemnd til fylkesblom for Sør-Trøndelag i 1989.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Pål Hermansen: Våre vakreste fjellplanter. Universitetsforlaget 1985
  • C. A .M. Lindman: Nordens Flora. Oslo 1977
  • Knut Fægri: Norges Planter Oslo 1970
  • Ørjan Nilsson: Nordisk Fjellflora. Oslo 1995
  • Kari Klanderud: Direct and indirect effects of climate change on alpine plant community diversity: the abiotic environment modifies species interactions. (Direkte og indirekte effekter av klimaforandring på alpine plantesamfunn: det abiotiske miljøet modifiserer samspillet mellom arter.) Doktergradsavhandling 2005
  • Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Oslo 1974

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Sekundærkjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Klanderud 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Reinrose