Rundsoldogg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rundsoldogg


Rundsoldogg i Sørvassdalen, Vefsn
Rundsoldogg i Sørvassdalen, Vefsn

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Orden: Lamiales
Familie: Soldoggfamilien
Slekt: Drosera

L.

Art: D. rotundifolia
Vitskapleg namn
''Drosera rotundifolia''

Rundsoldogg (Drosera rotundifolia) er ein 5 - 15 cm høg myrplante med runde, lyse blad i rosett. Blada har raude kjertelhår som skil ut ei væske som løyser opp insekt som set seg fast i blada. Frå midten av bladrosetten går det opp eit blomsterstandskaft med 6 til 10 blomstrar. Dei små, kvite blomstrane er opne berre ein i gongen, og ikkje meir enn eit par timar på solrike dagar.

Blomstrane har fem begerblad, fem kronblad, fem pollenblad og tre fruktblad. Kapselen inneheld svært små og lette frø som kan bli ført langt av stad med vinden eller flyte på vatn.

Når sprellande insekt set seg fast i kjertelhåra, vert produksjonen av slim stimulert. Samtisig bøyer fleire kjertelhår seg mot insektet, og bladet krøller seg saman. Etter eit døgn vil bladet ha krølla seg saman rundt byttet, og etter enda eit døgn, vil det meste av insektet vere oppløyst, slik at berre hudskjelletet er tilbake. Dei fordøyelege delane av insektet vert tatt opp av planten som næringstilskott.

Rundsoldogg veks på sure, næringsfattige myrer, i Noreg nord til Troms. Han veks frå havnivå og opp til over skoggrensa, men ikkje i høgfjellet. Elles har han sirkumboreal utbreiing.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Soldogg er brukt i folkemedisinen mot mane ulike plagar, frå augnesjukdommar til liktornar.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Det latinske slektsnamnet Drosera , gresk droseros kjem frå gresk drosos, dogg, og vart brukt som namn på soldogg av Matthias Lobelius i 1581. Rotundifolia tyder ’med runde blad’.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]


Sjå òg:[endre | endre wikiteksten]