Søl
| Søl | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Chromalveolata | |
| Klasse: | Florideophyceae | |
| Orden: | Palmariales | |
| Familie: | Laminariaceae | |
| Slekt: | Palmaria | |
| Art: | P. palmata | |
| Vitskapleg namn | ||
| Palmaria palmata | ||
Søl eller sòler ein vanleg raudalge i Noreg.
Innhaldsliste |
Utsjånad [endre]
Søl er ein raudalge med stor formvariasjon. Vanleg er breitt lansettforma blad, og nokre er tokløyvde i toppen. Algen vert 1-2 dm lang , nokre kan verte opptil 5 dm. Frå det første skotet i midten har det neste vår utvikla seg eit nytt blad og dessutan sideblad. Fleire individ kan vekse ut frå same festeskive.
Utbreiing [endre]
Søl kan finnast på den europeiske atlanterhavskysten frå Portugal til Austersjøen og nordover til Færøyane og Island. Elles veks planta i arktisk Russland, i det arktiske og austlege Canada, i Alaska, Japan og Korea.
Førekomst i Noreg [endre]
Veks på stein, berggrunn og større algar frå nedre del av fjøresona ned til 15 m djupn. Arten finst langs heile norskekysten, særleg vanleg i vest og nord.
Bruk [endre]
Planta kan etast og har vore brukt til mat for menneske.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Palmaria palmata» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2012.
- Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. ( W. Nygaard ).