Kyushu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sør-Japan)
Kyūshū
九州
region
Land  Japan
Del av Japan-arkipelet, de fire hovedøyene
Høgd 1 788 m
Areal 36 782,11 km²
Folketal 13 061 879 (1. desember 2014)
Kart
Kyushu
33°N 131°E / 33°N 131°E / 33; 131
Wikimedia Commons: Kyushu

Kyushu (九州 Kyūshū) er den tredje største øya i Japan. Ho er den sørlegaste og vestlegaste av dei fire hovudøyane, og ein eigen region. Dei største byan på øya er Fukuoka og industribyen Kitakyushu. Nagasaki ligg også her.

Eit gamalt namn på Kyushu er Saikaido. Øya vert rekna som fødestaden for den japanske sivilisasjonen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kyushu er litt mindre enn Spitsbergen og større enn Taiwan. Øya har kyst mot Aust-Kinahavet i vest og Stillehavet i aust. Ho er skild frå Honshu av Shimonosekisundet, men har både bru- og tunnelsamband med Shimonoseki på Honshu.

Øya er fjellrik og er bygd opp av eit komplisert system av vulkanske fjellkjeder. Det høgaste fjellet er Kuju (1787 moh.), medan det neste, Aso (1592 moh.), er den største aktive vulkanen i Japan.

Den sørlege delen av øya har subtropisk klima. Her kan ein dyrka sukkerrøyr, ris, kveite og te. Kyushu har òg store kolførekomstar, noko som har danna grunnlag for ei omfattande industrialisering.

Frå Gion-festivalen i Hita i Oita prefektur.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kyushu er ein japansk region administrativt delt opp i åtte prefektur, sju på Kyushu og eit åttande som omfattar dei talrike Ryukyuøyene:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kyushu
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.