Lysgårdsbakkane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lysgårdsbakkane
Lysgårdsbakkane
Namn Lysgårdsbakkane
Plassering Lillehammer
Byggeår 1993
Bakketype Storbakke / normalbakke
Tekniske data
K-punkt 123 m (storbakken)
Bakkestorleik (HS) 138 m / 100 m
Bakkerekord 143 m (storbakken)
Tilløp - lengde
Tilløp - vinkel
Høgde på hoppet
Snøggleik på hoppet
Vinkel på hoppet
Vinkel ved K-punkt
Tilskodarkapasitet 40,000
Klubb
Andre bakkar

Lysgårdsbakkane Hoppanlegg er eit skihoppanleggLillehammer i Oppland. Bakkane ligg ved Kanthaugen ovanfor Stampesletta på Lillehammer, og blei bygd til OL på Lillehammer i 1994. Anlegget består av ein storbakke og ein normalbakke, pluss stolheis. Arenaen har ein tilskodarkapasitet på ca. 40 000.

Den store bakken (HS138) har bakkerekord 143 meter, sett av Gregor Schlierenzauer under verdscupen i skihopping 7. mars 2008(kvalifiseringsrennet). Normalbakken (HS100) har bakkerekord 104 meter, sett av Espen Bredesen under vinter-OL, 25. februar 1994.

Etter at den store bakken blei ferdig utbygd og modernisert i 2007, har begge bakkene nå plastunderlag, slik at dei òg kan bli brukt til hopping i sommarhalvåret.

Dei to bakkane deler slette. Sletta i Lysgårdsbakkane blei brukt under opnings- og avslutningsseremoniane under OL i 1994. Under opningsseremonien blei OL-elden teke inn på arenaen med eit skihopp. Ole Gunnar Fidjestøl blei vald ut til å hoppa med OL-elden, men han fall i landinga og skada seg under trening med elden to dagar før seremonien. Dermed blei det reserven Stein Gruben som hoppa med elden under opningsseremonien.

Saman med Holmenkollen i Oslo og Granåsen i Trondheim er Lysgårdsbakkane nasjonalanlegg for skihopping i Noreg. Det blir arrangert verdscuprenn i den store bakken kvart år.

Lysgårdsbakkane fekk i 1993 utmerkinga Betongtavla, som blir delt ut av Norsk Betongforening i samarbeid med Norske Arkitekters Landsforbund. Lysgårdsbakkane erstatta Balbergbakken, som blei nedlagt då Lysgårdsbakkane blei opna.

Sjå òg [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]