Seldsjukkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Seldsjukkane sitt rike, 1092.

Seldsjukkane eller seldsjukk-tyrkarane var ei viktig grein av oghuz-tyrkarane og eit dynasti som okkuperte delar av Sentral-Asia og Midtausten frå 1000-talet til 1300-talet i eit område kalla Seldsjukkarriket. Seldsjukkane migrerte frå nord og inn i Persia der dei kjempa og erobra forskjellige stammer i deira Transoxiana.

Seldsjukkane vert rekna som forfedrane til dei vestlege tyrkarane, dagens innbyggjarar i Tyrkia, Turkmenistan, Usbekistan og Aserbajdsjan. Seldsjukkane og etterkomarane deira, osmanarane, spelte ei viktig rolle i mellomalderen ved å skape ein barriere mellom Europa og mongolske erobrarar frå aust, forsvarte den islamske verda mot krosstoga frå vest og erobra Austromarriket.

Under Alp Arslan sin etterfølgjar Malik Shah I og vesiren hans Nizam al-Mulk ekspanderte seldsjukkstaten i forskjellige retningar slik at det grensa til Kina i aust og Austromarriket i vest. Då Malik Shah døydde i 1092, vart imperiet splitta, då bror hans og fire søner krangla over delinga av riket mellom seg. I 1118 tok den tredje sonen, Ahmed Sanjar, over riket etter at han var misnøgd med sin del av arva. Brørne hans anerkjende ikkje kravet hans til trona og Mahmud II proklamerte seg sjølv sultan og etablerte ein hovudstad i Bagdad. Ahmed Sanjar vart fanga og halde i fangenskap av tyrkiske nomadar frå 1153 til 1156 og døydde året etter.

Trass i fleire forsøk på å ei samling i hundreåra etter Malik Shah sin død, hindra krosstoga dei frå å gjenskape det tidlegare imperiet sitt. Ei kort stund var Toğrül III sultan for alle seldsjukkane bortsett frå Anatolia. I 1194 sigra Ala ad-Din Tekish, sjahen av Khwarezmid-imperiet over Toğrül og seldsjukkane kollapsa. Av det tidlegare store seldsjukkimperiet, var berre sultanatet Rüm i Anatolia igjen. Då dynastiet gjekk nedover i midten av 1200-talet, invaderte mongolane Anatolia i 1260-åra og delte det i små emirat som vart kalla dei anatoliske beylikane, som seinare vart erobra av osmanarabe.

Sultanar i Seldsjukkarriket 1037–1157[endre | endre wikiteksten]

År Sjah
10371063 Toğrül bin Mikail (Tughril Beg)
10631072 Alp Arslan bin Chaghri
10721092 Jalal ad-Dawlah Malik Shah I
10921094 Nasir ad-Din Mahmud I
10941105 Rukn ad-Din Barkiyaruq
1105 Mu'izz ad-Din Malik Shah II
11051118 Ghiyath ad-Din Mehmed I Tapar (Muhammed)
10971157 Mu'izz ad-Din Ahmed Sanjar
11181131 Mahmud II
11311132 Dawud (David)
11321134 Toğrül II (Tughril Beg)
11341152 Mas'ud
11521153 Malik Shah III
11531160 Mehmed II (Muhammed II)
11601161 Süleiman (Sulaiman Shah)
11611176 Arslan Shah
11761194 Toğrül III (Tughril Beg III)

Seldsjukkherskarar i Kerman 10411187[endre | endre wikiteksten]

Kerman var ein nasjon i det sørlege Persia. Det fall i 1187, truleg erobra av Toğrül III av Stor Seldsjuk.

Seldsjukkherskarar i Syria 10761117[endre | endre wikiteksten]

Sultanar/Emirar av Damaskus:

Atabeger av Aleppo:

Seldsjukksultanar av Rüm (Anatolia) 10771307[endre | endre wikiteksten]

Kunst[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]