Shirley Collins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shirley Collins
Fødd5. juli 1935 (88 år)
FødestadHastings i Sussex
FødenamnShirley Elizabeth Collins
OpphavStorbritannia
Aktiv1955-1979, Sidan 2014
SjangerFolk
InstrumentVokal
Tilknytte artistarDolly Collins, Albion Country Band, The Young Tradition, Davy Graham, Etchingham Steam Band, Current 93
PlateselskapDecca Records, Deram Records
Verka somSongar
Prisarmedlem av Den britiske imperieordenen

Shirley Elizabeth Collins MBE (fødd 5. juli 1935) er ein engelsk visesongar som var ein viktig bidragsytar til den engelske folkemusikkbølgja i 1960- og 1970-åra. Ho song og spelte ofte med systera Dolly, som akkompagnerte ho på piano og orgel.[1]

Collins spelte inn dei første to albuma sine i 1958, Sweet England og False True Lovers.[2]

I 1964 spelte ho inn jazz-folk-albumet Folk Roots, New Routes med gitaristen Davy Graham.:184

Collins gifta seg for andre gongen med Ashley Hutchings i 1971.[1]:186 Han forlet Steeleye Span det året og han og Collins sette saman den første utgåva av Albion Country Band for å akkompagnere ho på albumet No Roses. Etter den første utgåva av Albion Country band vart oppløyst i 1973, skipa paret det heilakustiske Etchingham Steam Band med Terry Potter, Ian Holder og Vic Gammon i 1974.

For As Many As Will i 1978 var det siste studioalbumet som Shirley o Dolly Collins spelte inn i lag og i 1979 gav ho ut ein singel, «The Mariner's Farewell», med Bert Jansch.[3] Ho valde så å vere heime for å fokusere på barna sine. I denne tida vart ho òg skild frå Hutchings og mista stemma si slik at ho ikkje lenger kunne syngje. Ho trekte seg då heilt frå musikken..[4]

Ho har sidan sunge noko att, mellom anna på innspelingar med Current 93.

Ein film om livet hennar, The Ballad of Shirley Collins, kom i oktober 2017.[5]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Shirley og Dolly Collins[endre | endre wikiteksten]

  • Anthems in Eden - EMI Harvest (1969)
  • Love, Death and the Lady - EMI Harvest (1970)
  • For as Many as Will - Topic (1978)
  • Harking Back - Durtro (recorded 1978-79, released 1998) - [live]
  • Snapshots - Fledg'ling (recorded 1966 and 1978–79, released 2006) - [demo and live recordings]

Shirley Collins og The Albion Country Band[endre | endre wikiteksten]

Shirley Collins med Ashley Hutchings/The Albion Band[endre | endre wikiteksten]

  • Morris On, av Ashley Hutchings, Richard Thompson, Dave Mattacks, John Kirkpatrick og Barry Dransfield - Island/Carthage (1972)
  • Son of Morris On, av Ashley Hutchings og anna - Harvest (1976)
  • The Prospect Before Us, av The Albion Dance Band - Harvest (1977)
  • Lark Rise To Candleford, av The Albion Band - Charisma (1980)
  • The BBC Sessions, av The Albion Band - Strange Fruit (1998) (spor 5 - 8, spelt inn 1976)
  • Dancing Days Are Here Again, av The Albion Dance Band - Talking Elephant (2007) (spelt inn 1976)

The Young Tradition og Shirley og Dolly Collins[endre | endre wikiteksten]

Shirley Collins og Davy Graham[endre | endre wikiteksten]

Etchingham Steam Band (inkludert Shirley Collins)[endre | endre wikiteksten]

Sjølvbiografi[endre | endre wikiteksten]

  • Shirley Collins, America Over the Water, SAF Publishing, 2004. ISBN 0-946719-66-7
  • Shirley Collins, All in the Downs: Reflections on Life, Landscape, and Song, Strange Attractor Press, 2018.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Unterberger, Richie. «Shirley Collins | Biography & History». AllMusic. Henta 20. april 2019. 
  2. Johan Kugelberg. «Shirley Collins Interview, Part 3 of 5». Perfect Sound Forever. Henta 15. august 2016. 
  3. Reinhard Zierke. «The Mariner's Farewell / Black Birds of Brittany». Mainly Norfolk. Henta 15. august 2016. 
  4. Alexis Petridis. «Shirley Collins: Lodestar review – austere, foreboding music from long-silent singer». The Guardian. Henta 20. april 2019. 
  5. «Folk legend Shirley Collins on making a comeback at the age of 82». The Independent (på engelsk). 22. november 2017. Henta 20. april 2019. 
  6. [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]