Shirley Manson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shirley Manson

Fødd26. august 1966 (57 år)
FødestadEdinburgh
OpphavStorbritannia
Aktiv1981–
Sjangerrock, alternativ rock, pop
Instrumentgitar, vokal
Stemmetypealt
PlateselskapRadioactive Records
Verka somskodespelar, songar, gitarist, musikar, modell, låtskrivar, filmskodespelar, kvinnesaksforkjemper

Shirley Ann Manson (fødd 26. august 1966) er ein skotsk musikar og songar i Goodbye Mr Mackenzie, Angelfish og Garbage.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Manson blei fødd i Edinburgh i 1966 som dotter av Muriel Flora (f. MacKay) og John Mitchell Manson.[1] Far hennar stamma frå eit fiskarsamfunn i Northmavine, og blei universitslærar, medan mora var ein storband-songar som var blitt adoptert av ein familie frå Lothian i ung alder og tok familienamnet MacDonald.[1] Manson blei kalla opp etter ei tante som sjølv var blitt kalla opp etter Charlotte Brontë sin roman Shirley.[2][3][4] Manson har to systrer: Lindy-Jayne, som er to år eldre, og Sarah, som er to år yngre.[5]

Sjølv om Manson ikkje rekna seg sjølv som ein kunstnar før i førtiåra, og framleis ikkje reknar seg sjølv som ein musikar, fekk ho tidleg erfaring med musikk i barndommen og lærte å spela fleire ulike instrument.[6] Ho opptredde offentlege for fyrste gong i 1970, som fireåring, då ho song «Never Smile at a Crocodile» i lag med den eldre systera ved ei amatørframsyning ved Church Hill Theatre i Edinburgh.[7][6] På skulen lærte ho å spela blokkfløyte, klarinett og fele, og utanfor skulen lærte ho ballett og piano frå ho var sju, og blei også med i eit kor.[7] Ho blei elev ved City of Edinburgh Music School, musikkavdelinga til Broughton High School.[5] Ved Broughton blei ho eit aktivt medlem av dramagruppa på skulen, og tok del i skodespel og musikalar som The American Dream og The Wizard of Oz, i tillegg til å synga i jentekoret Waverley Singers.[7] Ei oppsetjing av Maurice the Minotaur ved Edinburgh Festival Fringe i 1981, der Manson spelte ein profet, blei tildelt ein Fringe First-pris av The Scotsman newspaper.[7]

Medan ho treivst på barneskulen, opplevde Manson mobbing det fyrste året av ungdomsskulen (secondary school), noko som førte til depresjon, dysmorfofobi[8] og sjølvskading.[9] Mobbinga tok slutt etter at Manson knytte seg til ei opprørsk gruppe, og sjølv blei opprørsk elev. Ho var vekke frå skulen i mesteparten av det siste skuleåret sitt,[10] misbrukte stoff og utførte mindre kriminelle handlingar, som nasking.[11] Som tenåring ønskte Manson å bli skodespelar, men ho blei ikkje teken inn ved Royal Scottish Academy of Music and Drama (RSAMD).[12][13]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste musikalske erfaringane til Manson kom frå då ho song ei kort tid med dei lokale Edinburgh-banda The Wild Indians og bakgrunnsvokal for Autumn 1904.[14] Medan ho opptredde med gruppa blei Manson spurt av frontfiguren Goodbye Mr Mackenzie, Martin Metcalfe, om å bli med i gruppa hans. Manson var fyrst i eit forhold med Metcalfe, men blei verande i gruppa etter at dei slo opp, og blei ein viktig medlem på keyboard, bakgrunnsvokal og som aktiv i drifta av bandet.[15] Den fyrste utgjevinga til Mackenzies som Manson var med på var Death of a SalesmanYTS i 1984.[16] Gruppa skreiv avtale med det større plateselskapet Capitol Records i 1987, og gav ut det fyrste albumet sitt, Good Deeds and Dirty Rags, og sin einare hitt på UK top 40 med The Rattler. I 1990 blei kontrakten til gruppa overført til Parlophone, eit anna merke på EMI, men etter at to av singlane deira ikkje kom inn på listene nekta Parlophone å gje ut det andre albimet deira Hammer and Tongs.[17]

Gary Kurfirst, som var manager for Talking Heads og Debbie Harry, kjøpte kontrakten til Mackenzie og gav ut det andre albumet deira på sitt eige merke Radioactive Records, ein del av MCA Records. Etter at endå ein single ikkje nådde topplistene, blei gruppa overtalt til å forlata Radioactive av managerane sine.[17] Mackenzie heldt fram med å laga nytt materiale; Manson blei også gjeve høve til å spela inn vokal for fleire spor til det tredje albumet til gruppa.[18] Sjølv om MCA ikkje hadde planar om å gje ut meir musikk av Goodbye Mr. Mackenzie, uttrykte selskapet interesse for å spela inn eit album med Manson. Etter å ha høyrd fleire demoar skreiv Kurfirst kontrakt med Manson som soloartist på Radioactive, med resten av Mackenzie som støtteband for henne for å omgå den eksisterande kontrakten deira med MCA.[7][17] Kontrakten til Manson gjorde henne nøydd til å bidra med minst eitt album og, etter Radioactive sitt ønske, opptil seks album til.[19]

Angelfish[endre | endre wikiteksten]

Manson og gruppa spelte inn musikk under namnet Angelfish, og brukte noko av det nyleg skrivne materialet og tidlegare utgjevne b-sider frå Mackenzie til albumet Angelfish. Det blei spelt inn i Connecticut med Chris Frantz og Tina Weymouth frå Talking Heads.[7][17] Sporet «Suffocate Me» blei sendt til collegeradio, der det fekk ei god mottaking.[16] Angelfish og den andre singelen «Heartbreak to Hate» kom ut i 1994.[16] Angelfish turnerte i Belgia, Canada, Frankrike og USA. Gruppa opna for Live på deira nordamerikanske turné, i lag med Vic Chestnutt. Musikkvideoen til «Suffocate Me» blei sendt ein gong på MTV sitt program 120 Minutes. Produsenten og musikaren Steve Marker fekk med seg sendinga, og meinte Manson ville vera ein framifrå songar for hans band, Garbage, som også hadde Duke Erikson og Butch Vig som produsentar.[20]

Garbage[endre | endre wikiteksten]

Manson opptrer med Garbage under turneen Not Your Kind of People World Tour i november 2012.

Vig inviterte Manson til Smart Studios for å synga på nokre spor. Auditionen var ikkje vellukka, og ho vende tilbake til Angelfish.[20] Manson har sagt ho følte seg overvelda over å prøva seg for Vig, som var produsent for band ho beundra som Nirvana, Sonic Youth og The Smashing Pumpkins. Vig har også sagt at auditionen var nokså uorganisert, og amerikanarane sine problem med å forstå den skotske aksenten til Manson skapte kommunikasjonsproblem.[21] Ved slutten av Live-turneen braut Angelfish saman, og Manson vende tilbake til Smart for eit nytt forsøk. Ho byrja arbeida på dei spinkle byrjingane til nokre songar, og gruppa bad henne bli med som fullverdig medlem og gjera ferdig albumet. Manson var med på å skriva og produsera heile albumet i lag med resten av gruppa.[19][20] I august 1994 gav Radioactive Manson løyve til å arbeida med Garbage.[19] Debutalbumet Garbage kom ut i august 1995, og kom til å selja i over 4 millionar eksemplar etter fleire singlar som gjorde det godt på hitlistene, som «Only Happy When It Rains» og «Stupid Girl». Manson blei raskt det offentlege fjeset til gruppa i løpet av ein turne som varte til slutten av 1996.

Manson blei hovudlåtskrivaren til gruppa til oppfølgingsalbumet Version 2.0. Også dette hadde stor suksess etter at det blei gjeve ut i mai 1998. I løpet av den to år lange turneen for å støtta albumutgjevinga var Manson modell for Calvin Klein. Gruppa spelte inn opningssongen til James Bond-filmen The World Is Not Enough, og Manson blei den tredje skotske kvinna til å synga ein Bond-song etter Lulu og Sheena Easton. Det tredje albumet til gruppa, Beautiful Garbage, hadde Manson sine mest personlege tekstar til då. Albumet hadde ikkje like gode sal som føregangarane sine, men Garbage hadde suksess på verdsturneen som støtta det.

Manson og Garbage opptrer i 2016.

Tekstane til Manson blei meir tydeleg politiske på det fjerde albumet til Garbage, Bleed Like Me frå 2005. Singelen «Why Do You Love Me» hadde overraskande suksess, og albumet gav gruppa nokre av dei høgaste listeplasseringane hennar. Garbage byrja ein lang pause i oktober 2005. Gruppa vende tilbake til studio i 2010 for å skriva og spela inn materiale til eit femte album,[22] Not Your Kind of People, som kom ut i mai 2012 etter eit sju år langt opphald frå innspelingar. Gruppa gav ut Strange Little Birds i 2016, og No Gods No Masters i 2021.

Manson opptrer med Garbage i 2019.

I 2021 opna Garbage for Alanis Morissette på hennar 2020 World Tour: Celebrating 25 Years of Jagged Little Pill, ein turné som var blitt utsett på grunn av koronapandemien.

Soloarbeid og uutgjeve album[endre | endre wikiteksten]

Då Garbage tok ein pause etter fire album, eit samlealbum og meir enn 14 millionar selde skiver, utvikla Manson ein solokarriere og dessutan ein skodespelarkarriere.[23] Ho spelte Catherine Weaver i den andre sesongen av Terminator: The Sarah Connor Chronicles i 2008.

Manson bekrefta i mars 2006 at ho hadde byrja arbeida med eit soloalbum i lag med musikaren Paul Buchanan,[24] produsenten Greg Kurstin[25] og filmkomponisten David Arnold,[26] men sa også at ho ikkje hadde nokon tidsplan for å fullføra prosjektet.[26] I 2009 meldte Manson at ho ville trekka seg tilbake frå musikkindustrien, sidan ho var lei av nye forretningspraksisar der og ho fann skodespel meir engasjerande.[27]

Manson samarbeidde likevel med fleire artistar utanfor soloprosjektet. Ho sa fram eit vers frå eit langt dikt på eit album av Chris Connelly,[28] var med på å skriva og spela inn ein duett med Eric Avery til solodebuten hans,[29] og spelte inn musikk med Debbie Harry.[30] Manson opptredde også på scena med The Pretenders, Iggy Pop, Incubus og Kings of Leon i Atlantic City[31] og med Gwen Stefani[32] og to gongar med No Doubt[33] i Universal City i California.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Goodbye Mr. Mackenzie[endre | endre wikiteksten]

  • Good Deeds and Dirty Rags (1989)
  • Hammer and Tongs (1991)
  • Five (1994)
  • The Glory Hole (1995)

Angelfish[endre | endre wikiteksten]

  • Angelfish (1994)

Garbage[endre | endre wikiteksten]

  • Garbage (1995)
  • Version 2.0 (1998)
  • Beautiful Garbage (2001)
  • Bleed Like Me (2005)
  • Not Your Kind of People (2012)
  • Strange Little Birds (2016)
  • No Gods No Masters (2021)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Information gleaned from exhibition research and materials showcased at Famous Scots Exhibition held at New Register House, Edinburgh; Shirley Manson leg ran from 25 May – 17 July 2009, under the Homecoming Scotland banner
  2. «Ginger Spice». The Face. 1. februar 1998. [daud lenkje]
  3. «Shirley Manson». No Tofu. Arkivert frå originalen 18. januar 2015. Henta 18. januar 2015. 
  4. «Garbage Moves Further into Makeup World». MTV. 4. oktober 1999. Henta 18. januar 2015. 
  5. 5,0 5,1 «No Place Like Home For Shirley». The Scotsman. 25. januar 2007. Henta 5. desember 2007. 
  6. 6,0 6,1 «Beatie Wolfe with Shirley Manson Orange Juice for the Ears». www.dublab.com. 24. mars 2023. Henta 28. mars 2023. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 Information gleaned from exhibition research and materials showcased at Famous Scots Exhibition held at New Register House, Edinburgh; Shirley Manson leg ran from 25 May – 17 July 2009, under the Homecoming Scotland banner
  8. «The changing face of Shirley Manson». The Herald. 27. april 2008. Henta 11. august 2013. 
  9. Ro, Ronin (30 May 2000). «Garbage's Shirley Manson Admits To "Cutting"». MTV. Henta 2. februar 2007. 
  10. Barrell, Tony (22. september 2002). «Relative Values». The Sunday Times. Arkivert frå originalen 6. desember 2008. Henta 5. desember 2007. 
  11. «Interview with Shirley Manson». FHM. 1. september 1998. Arkivert frå originalen 22. februar 2012. Henta 24. mars 2009. 
  12. Hinchliffe, Hinchliffe (11. juni 2016). «Interview: Shirley Manson plumbs dark depths on new Garbage album». The Scotsman. 
  13. «Shirley Manson interview: Breaking up the garbage girl». The Guardian. 28 April 2012. 
  14. «BBC John Peel Archive». BBC. 
  15. MacLean, Craig (1 February 1998). «1998 Will Be Garbage!». The Face. Madison, Wisconsin. Arkivert frå originalen 8. desember 2000. Henta 4. februar 2017. 
  16. 16,0 16,1 16,2 «Garbage». Record Collector. 1. februar 1997. 
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 «Goodbye Mr Mackenzie – Biog». Blokshok Productions. Arkivert frå originalen 21 July 2015. Henta 8 March 2009. 
  18. «LUCKLAW HILL (The birth of Angelfish & Goodbye Mr MacKenzie MK2)». Blokshok Productions. Henta 8 March 2009. 
  19. 19,0 19,1 19,2 153 F.Supp.2d 462 RADIOACTIVE, J.V., Plaintiff, v. Shirley MANSON, Defendant. No. 01 Civ.1948(SAS). United States District Court, S.D. New York. (29 July 2001)
  20. 20,0 20,1 20,2 «Garbage: Behind The Music». Behind The Music. 31. mars 2002. 
  21. Brodsky, Rachel (13. august 2015). «Shirley Manson and Butch Vig Answer 20 Questions for the 20th Anniversary of 'Garbage'». Spin. Henta 6 September 2015. 
  22. «Singer Manson introduces new husband to students in Paisley». Glasgow Herald. Arkivert frå originalen 27 December 2010. Henta 13 February 2011. 
  23. "Tell Me Where It Hurts" promo CD PR sticker (issued June 2007)" (Retrieved - 2007-12-05)
  24. McLean, Craig (29 April 2012). «Shirley Manson interview: Breaking up the garbage girl». The Guardian. 
  25. Manson, Shirley (20. mars 2009). «So Called Noir». Henta 20. mars 2009 – via Facebook. 
  26. 26,0 26,1 «Garbage's Shirley Manson Flying Solo». Billboard. 14 March 2006. Henta 27. juli 2007. 
  27. «Garbage singer dumps music for acting». Houston Chronicle. 10 March 2009. Henta 13 August 2012. 
  28. «September 08». Jnana Records press release. Arkivert frå originalen 22. juli 2012. Henta 25. september 2008. 
  29. «Eric Avery Help Wanted CD (Press release)». DangerbirdRecords.com. Arkivert frå originalen 2 December 2007. Henta 5 December 2007. 
  30. Kaplan, Ben (24. oktober 2007). «Keeping Her Tide High». National Post. Arkivert frå originalen 12. februar 2012. Henta 17 January 2008. 
  31. «Iggy, Incubus to Salute The Pretenders'». Billboard. 28 June 2006. Henta 2. mars 2009. 
  32. «Amid backlash, Stefani thrills mainstream fans». Reuters. 30 April 2007. Henta 2. mars 2009. 
  33. «No Doubt About It – Live Review From The Gibson Amphitheatre, 7/27/09». LA.com. Los Angeles Newspaper Group. 28. juli 2009. Arkivert frå originalen 13. juli 2011. Henta 25. september 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Shirley Manson