Shisha Pangma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shisha Pangma
Flyfoto av Shisha Pangma (til venstre)

Flyfoto av Shisha Pangma (til venstre)

Høgd over havet 8 027 m
Område Kina (Tibet)
Fjellområde Himalaya
Dominans 91 km → Cho Oyu
Skardhøgd 2 897 m ↓ Mesokantu La
Koordinatar 28° 21′ 0″ N, 85° 47′ 0″ AKoordinatar: 28° 21′ 0″ N, 85° 47′ 0″ A
Shisha Pangma (Nepal)
Shisha Pangma
Førsteklatring Ti kinesiske klatrarar 2. mai 1964
Normalrute Høgfjellstur over bre

pd3pd5

Shisha Pangma (òg Shishapangma; offisielt Xixabangma, kinesisk Xīxiàbāngmǎ Fēng 希夏幫馬峰; sanskrit Gosainthan – forelda) er med 8 027 m det lågaste av dei fjorten 8000-meterstoppane på jorda. Ulike kjelder oppgjev høgder mellom 8 013 m og 8 046 m. Dei nyaste målingane syner 8 027 m.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det tibetiske namnet shi sha sbang ma tyder «området ovanfor grassletta», ei god skildring av det ein ser når ein nærmar seg fjellet nordfrå. Fjellet ligg i Langtang-Himal (Himalaya) 5 km aust for grensa mellom Kina og Nepal og er den einaste 8000-meteren som i sin heilskap ligg inne i Kina.

Opphavleg blei sanskrit-namnet Gosainthan brukt om fjellet. Det tyder om lag «heilagdomens stad».

Oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Austerrikarane Heinrich Harrer og Peter Aufschnaiter laga ei overflatisk skisse av Shisha Pangma-gruppa sett frå nord under flukta frå India til Lhasa i 1945/46. Sveitsaren Toni Hagen tok dei første bilda i 1952.

Klatrehistorikk[endre | endre wikiteksten]

2. mai 1964 stod ti kinesiske fjellklatrarar på toppen av Shisha Pangma, dette var til då den siste 8000-meterstoppen som ikkje var klatra. I alt hadde ekspedisjonen 195 deltakarar med klatrarar, glasiologar, geologar, metereologar, kartografar og høgdefysiologar, den så langt mest talrike ekspedisjonen i Himalaya-klatringa si historie.

Shisha Pangma blei først opna for utanlandske klatrarar i 1978. Fjellet blir rekna til dei enklare 8000-meterstoppane.

Normalruta er den ruta førsteklatrarane nytta frå nord. Denne går over midttoppen på vestegga og til hovudtoppen. Det er òg mogleg å klatre opp til midttoppen og traversere ei utsett egg til hovudtoppen. Andre ruter på nordsida går opp austegga og over denne til hovudtoppen.[1]

Sørsida er brattare og vanskelegare å klatre. Dei første opp denne vegen var Doug Scott, Roger Baxter-Jones und Alex McIntyre i 1982. Det finst òg tre andre ruter over sørvestveggen og ein over søraustegga.[2] I april 2011 lukkast det Ueli Steck å soloklatre den 2000 m høge sørvestveggen på berre 10 timar.[3]

Midttoppen er klatra meir enn 750 gonger, medan berre om lag 50 har lukkast med traversen derfrå til hovudtoppen. Totalt har knappe 300 vore på hovudtoppen. I 1987 klatra Jerzy Kukuczka og Artur Hajzer vesttoppen under ein travers av heile vestegga. Jean-Christophe Lafaille gjorde ei vinterklatring 11. desember 2004, og Simone Moro og Piotr Morawski ei 15. januar 2005. Den første sør-nord-klatringa av hovudtoppen stod Ralf Dujmovits, Gerlinde Kaltenbrunner og Hirotaka Takeuchi for i året 2005.[2]

Dei første nordmenn på Shisha Pangma var Eirik Tryti og Olav Storli Ulvund våren 1990. Dei blei med det dei første frå Noreg som nådde over 8 000 metersgrensa utan bruk av oksygenutstyr.

Toppane på Shisha Pangma
Shishapangma 8 027 m
Shishapangma Midt 8 008 m
Shishapangma Vest 7 966 m

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Manfred Abelein: Shisha Pangma: Eine deutsche Tibetexpedition bezwingt den letzten Achttausender (Lübbe 1980), ISBN 3-7857-0259-0.
  • Robert Goh Ee Kiat, Lulin Reutens: Xixabangma: An Alpine Ascent of the North Ridge (Epigram 2004), ISBN 981-05-1552-9.
  • Doug Scott, Alex MacIntyre: The Shishapangma Expedition (Mountaineers 1984), ISBN 0-89886-098-9.
  • Doug Scott, Alex MacIntyre: Shisha Pangma: The alpine-style first ascent of the South-West-Face (Mountaineers 2000), ISBN 0-89886-723-1.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Shisha Pangma

Teksten er basert på artikkelen Shishapangma frå Wikipedia på tysk slik den var 4. juli 2012.