Broad Peak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Broad Peak
Broad Peak sett frå Concordia
Broad Peak sett frå Concordia
Høgd over havet 8 047 m.
Ligg i/på Pakistan
Fjellkjede Baltoro Muztagh, Karakoram
Koordinatar 35°48′38″N 76°34′05″EKoordinatar: 35°48′38″N 76°34′05″E
Førsteklatring 9. juni 1957, Hermann Buhl, Kurt Diemberger, Marcus Schmuck og Fritz Wintersteller

Broad Peak, eller Faichan Kangri, (opprinneleg kalla K3) er det tolvte høgaste fjellet i verda med ei høgd på 8 047 moh. Broad Peak ligg i fjellkjeden Karakoram nord i Pakistan, 8 kilometer frå K2. Fjellet er ein del av Gasherbrum-gruppa. Broad Peak fekk namnet sitt på grunn av den svært langstrakte toppen, som er 1,5 kilometer i utstrekning.

Broad Peak blei første gong klatra av dei austerrikske klatrarane Hermann Buhl, Kurt Diemberger, Marcus Schmuck og Fritz Wintersteller 9. juni 1957.

Ingen nordmenn har nådd heilt til topps på Broad Peak. Den som er komen høgast er Eirik Tryti som i 1991 nådde 7 800 m (skaret mellom hovud- og midttoppen), men måtte snu der på grunn av dårleg vêr.


Fjell med ei høgd på over 8000 meter

Everest | K2 | Kangchenjunga | Lhotse | Makalu | Cho Oyu | Dhaulagiri | Manaslu | Nanga Parbat | Annapurna | Gasherbrum I | Broad Peak | Gasherbrum II | Shisha Pangma

Personlege verktøy