Lhotse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lhotse
Lhotse sin sørvegg sett frå Chukhung Ri

Lhotse sin sørvegg sett frå Chukhung Ri

Høgd over havet 8 516 m
Område Nepal/Kina (Tibet)
Fjellområde Himalaya
Dominans 2,62 km → Mount Everest
Skardhøgd 610 m ↓ South Col (Sørsadelen)
Koordinatar 27° 57′ 48″ N, 86° 56′ 0″ AKoordinatar: 27° 57′ 48″ N, 86° 56′ 0″ A
Lhotse (Nepal)
Lhotse
Førsteklatring Ernst Reiss og Fritz Luchsinger, 18. mai 1956
Normalrute Western Cwm (Vestbotnen) → nordvestveggen

Lhotse (tibetansk lho rtse; det offisielle kinesiske namnet er Lhozê; kinesisk 洛子峰; pinyin Luòzǐ Fēng) er eit fjell i Himalaya på grensa mellom Khumbu-regionen i Nepal og Tibet i Kina. Med med sine 8 516 moh. er Lhotse det fjerde høgste fjellet i verda. Toppen ligg berre knapt tre kilometer frå Mount Everest, og den vesle avstanden og smålåtne skardhøgda på 610 meter mot Everest gjer at klatrarar reknar Lhotse som ein av dei minst gjeve 8000-meterstoppane. Det tibetanske namnet tyder «Sørspissen» og det viser til det nære sambandet med Everest-massivet.

Det ligg tre toppar som alle er over 8 000 meter på Lhotse-massivet. I tillegg til hovudtoppen, vert óg Lhotse Middle (8 414 m) og Lhotse Shar (8 383 m) rekna som toppar, men med for liten primærfaktor til at dei vert rekna som sjølvstendige toppar. Frå Lhotse og Lhotse Shar fell i sørleg retning ein over 3000 m høg fjellvegg. På grunn av den enorme høgdeskilnaden og den ekstreme høgda over havet blir dette rekna som ein av dei klatreteknisk vanskelegaste og farlegaste veggene i verda.

Klatrehistorikk[endre | endre wikiteksten]

18. mai 1956 vart ein sveitsisk ekspedisjon den første som fekk klatrarar til topps: Ernst Reiss og Fritz Luchsinger som var deltakarar på ein sveitsisk ekspedisjon leia av Albert Eggler. Fire andre klatrarar frå den same ekspedisjonen kom på toppen av Mount Everest, og det var andre gong i historia Everest blei klatra. På grunn av at Everest og Lhotse ligg så nært kvarandre kunne begge topplaga nytte dei same leirane.

I 1977 klatra Michael Dacher som det første menneske toppen utan medbrakt oksygen.[1]

16. oktober 1986 stod Reinhold Messner og Hans Kammerlander på toppen av Lhotse. Messner blei med det den første som klatra alle fjorten 8000-metrane.

Dei første som klatra opp Lhotse Shar var austerrikarane Zepp Maierl og Rolf Walter, det skjedde 12. mai 1979. 23. mai 2001 var medlemar av ein russisk ekspedisjon dei første på Lhotse Middle.

Sven Gangdal blei i mai 2006 den første nordmannen på toppen.

Toppar på Lhotse[endre | endre wikiteksten]

Namn Høgd[2] Dato førsteklatring Førsteklatring
Lhotse (hovudtoppen) 8 516 m 18. mai 1956 F. Luchsinger, E. Reiss
Lhotse Middle (Lhotse vest, vestlege mellomtopp) 8 410 m 23. mai 2001 A. Bolotov, P. Kuznetsov, S. Timofeev, Y. Vinogradski
Lhotse Middle (austlege mellomtopp) 8 372 m ikkje klatra
Lhotse Shar (austtoppen) 8 382 m 12. mai 1970 S. Mayerl, R. Walter

Lhotse Middle[endre | endre wikiteksten]

Lhotse Middle er ein av Lhotse sine bitoppar som trass ei høgd på 8 410 m ikke finst på dei klassiske listene over 8000-metrar. Dette, og framfor alt fordi toppen ligg på ein svært bratt og oppkløyvd fjellkam, har ført til at den er ein av dei siste av i alt om lag 30 toppane over 8000 moh. som blei klatra. Det skjedde i 2001.

Toppen ligg mellom hovudtoppen og Lhotse Shar, og blir derfor rekna som ein mellomtopp. Den er den høgste og vetlegaste av Lhotse sine to mellomtoppar. Den andre mellomtoppen blir til vanleg kalla East Middle på grunn av at den ligg langt aust i massivet. Kjeldene oppgjev ulike høgder; 8 400 m eller berre 8 372 m.

Lhotse Shar[endre | endre wikiteksten]

Lhotse Shar er eit 8 382 m høgt fjell som offisielt er oppførd som ein bitopp til Lhotse. Den ligg på den austlege enden av ein svært bratt og oppsplitta egg og blir derfor òg kalla Austtoppen. Med tanke på dominsans og skardhøgd er toppen berre så vidt under dei grensene som definerer sjølvstendige toppar i Himalaya.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dr. Gerhard Schmatz: Mein Leben». Lhotse 8.516 m. http://www.schmatz-online.com/expeditionen/lhotse/lhotse.html. Henta 24. juni 2012. "Der große Erfolg unserer Expedition, bei der übrigens Michel Dacher als erster Mensch einen über 8500 m hohen Berg ohne künstlichen Sauerstoff bestiegen hat, bleibt für immer überschattet von der Trauer um unseren Freund Max Lutz." 
  2. Eberhard Jurgalski: Høgde- og klatredata på www.8000ers.com]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lhotse

Teksten er omsett frå artikkelen Lhotse på Wikipedia på tysk slik den var 24. juni 2012.