Skellig Michael

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skellig Michael
Lokalt namn Sceilig Mhichíl
Skellig Michael
Skellig Michael
Geografi
Skellig Michael is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 51°46′N 10°32′WKoordinatar: 51°46′N 10°32′W
Øygruppe Skelligøyane

Høgaste punkt Skellig Michael (230 moh.)

Administrasjon
Land Republikken Irland
Grevskap Kerry

Demografi
Folketal 0

Skellig Michael (Sceilig Mhichílirsk, tyder Michael's klippe), òg kalla Great Skellig, er ei øy med bratte klipper om lag 15 km vest for kysten av County Kerry i Republikken Irland. Ho er den største av dei to Skelligøyane.

I 600 år var øya eit viktig senter for klosterlivet til irske, kristne munkar. Eit irsk-keltisk kloster vart bygd i fjellsida på øya i 588, og vart ein del av UNESCO si verdsarvliste i 1996. Klosteret er eit av dei mest kjende, men minst tilgjengelege i Europa.

Sidan Skellig Michael ligg så pass avsidesliggande er ho først nyleg oppdaga av turistar og staden er svært godt bevart. Dei spartanske forholda inne i klosteret viser den asketiske livsstilen som dei tidlege irske kristne førte. Munkane budde i steinhytter (clochan) ovanfor nesten vertikale klippeveggar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skellig Michael har namn etter erkeengelen Sankt Mikael (Michael). Etter irske legender skal Sankt Mikael og hans himmelske allierte ha hjelpt Sankt Patrick, Irlands nasjonalhelgen, med å jage vekk krypdyra frå Irland, og det skal mellom anna ha skjedd frå desse klippeøyene. Med den plassen dyr og dyresymbolikk hadde i keltisk heidendom, er slike mytiske hendingar truleg prov på at kristendomen har sigra over dei heidne maktene.

Klosteret på Skellig Michael overlevde fleire åtak frå vikingar på 800-talet, mellom anna i 823. Det vart seinare utvida med eit nytt kapell bygd rundt byrjinga av 1000-talet. Samfunnet på Skellig Michael var aldri stort, truleg rundt 12 munkar og ein abbed.

Dette litle klosteret kan ha spela ei rolle i Noregssoga ved at kong Olav Tryggvason truleg vart døypt her i 993 av ein av eremittane i dette klosteret, altså ikkje i England eller på Scilly-øyene på sørvestkysten av England, slik opplysningane om kong Olavs dåp i sogene av Snorre Sturlason og Odd munk Snorresson er vorte tolka. Snorre Sturlason seier i si soge om Olav Tryggvason (kapittel 30-31) at Olav vart døypt på øyene Syllingene vest av England av ein einebuar, og noko liknande fortel Odd munk Snorresson i si soge om Olav (kapittel 14), som truleg vart skrive i Tingøyrarklosteret på Nord-Island om lag 1190. Men av Odd munks skildring går det dessutan fram at øya Syllingene ligg tett ved Irland og at det var eit kloster på staden, så det er god grunn til å rekne med at det er Skellig han meiner. Dei mange vikingåtaka på klosteret på Skellig kan tyde på dette har vore ein kjend stad for folk frå Norden, ikkje minst for ein sjøfarande krigar og plyndrar som kong Olav Tryggvason, og difor høveleg å ty til for han då han ynskte seg ein kristen dåp.

Ein gong på 1100-talet reiste munkane frå Skellig og flytta til eit augustinarkloster ved Ballinskelligs på fastlandet.

På byrjinga av 1500-talet vart Skellig Michael ein populær destinasjon for årlege pilegrimsferder, men hadde ikkje permanent busetnad. På 1800-talet vart det bygd to fyr og Great Skellig vart igjen busett, denne gongen av fyrvaktarar. Det andre fyret er framleis i drift, men vart kraftig ombygd i 1960-åra og automatisert på 1980-talet. I 1986 vart det utført noko restaureringsarbeid og eit offisielt turistbyrå vart oppretta. Den siste tida er det derimot lagt restriksjonar på kor mange som får vitje øya fordi ein var uroa over at det store talet på turistar skulle skade staden, særleg trappene opp til klosteret.

Klosteret[endre | endre wikiteksten]

Trappa opp frå stranda.
Kyrkjegarden for munkane på klosteret.
Klosteret på Skellig Michael.
Gangstien/steintrappa Christ's Saddle.

Klosteret, som vart skipa av Sankt Fionán, ligg på naturlege eller oppbygde terrassar på ulike nivå i ei høgd av 185 meter, på ein solrik plass skjerma for dei hardaste vindane. For å kome opp til klosteret frå stranda, må ein gå opp ei trapp med 620 trinn. Klosteret har hatt ei kyrkje (no i ruinar), ein liten kyrkjegard for munkane, to oratorium (bønehus), eit større på 3,6 x 2,4 meter, og eit mindre på 2,4 x 1,8 meter, og seks munkeceller som ligg som små, kuppelforma einskildbygningar, alt bygd i stein, og i dag i meir eller mindre god stand. Munkecellane har i nokre høve meir enn 1,80 meter tjukke veggar. Veggane går over i sokalla «falske kvelv», det vil seie at kuppelforma på bygningane er danna ved at steinen er lagt i stendig mindre sirklar. Truleg har husa vore tekte av grastorv eller halm, då stein som stikk ut, truleg er meint å gjeve feste for torv- eller halmtekking.

I tillegg til sjølve klosteret finst eit lite oratorium i 217 meters høgd, eit lite stykkje veg under den steile toppen på South Peak, den eine av dei to fjelltoppane på øya. Her reknar ein med at ein einebuar (eremitt) har halde sine bønar. Kvar denne einebuaren har halde hus, er ei gåte, då det ikkje er spor etter nokon bustad attmed oratoriet. Ein terrasse nedanfor kan ha vore staden, då det her finst ein 1,3 meter lang runda mur som kan vere leivningane etter ei munkecelle. Men då denne terrassen har vore nytta som hage, er det tvilsamt om det samstundes har vore tilstrekkeleg plass til ein slik bygning. På ein annan terrasse ligg det rett nok ei kuppelforma celle, men det er lite truleg at denne har vore nytta som bustad, då tilkomsten er farleg, og livet på ein slik avgrensa stad oppe i bergveggen dessuten ville ha vore vanskeleg på grunn av skodda. Ei løysing på gåta kan ha vore at eremitten har budd i ein del av sjølve oratoriet.

Ute på kanten av terrassen for dette oratoriet ligg det ei oppbygd samling stein på 1,1 x 1,6 meter, ein sokalla leacht, som det har vore diskutert om har vore ei markering av grava for relikviar, markering av ein stad for bøn på ein krossgangsveg, eller eit altar for gudstenest. To steinbasseng ved foten av klippa har samla opp rennande vatn frå bergveggen, slik at staden har vore sjølvforsynt med vatn til vanleg og rituelt bruk. Likeeins er det laga til to store cisterner nede ved sjølve klosteret som samlar opp overflatevatn frå bergveggane til bruk der.

Frå terrassen med einebuar-oratoriet er det mogleg å kome seg opp på toppen av South Peak, som pilegrimane i si tid kalla «ørnereiret» på grunn av høgda, og som har gjeve grunnlag for mange legender. Målet for pilegrimsvandringane opp hit var ein steinkross ytst i aust. Krossen vart vekke i 1974, men er rekonstruert på grunnlag av fotografi.

Naturreservat[endre | endre wikiteksten]

I lag med den mindre naboøya Little Skellig er Great Skellig eit viktig naturreservat. Øyane har store koloniar med sjøfugl som havsule, havhest, krykkje, alke, lomvi, og lundefugl. Havsvale og havlire har òg store koloniar på øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Opplysningane om Sankt Patrick og Sankt Mikael, klosteret, og om kong Olav Tryggvasons dåp, byggjer mellom anna på ein artikkel av Frédéric Kurzawa: Le monastèr de Skellig Michael i tidsskriftet Archéologia nr. 401, juin 2003, Dijon: Editions Faton S.A., sidene 48-57. ISSN 0570-6270

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]