Snøsporv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Snøsporv


Plectrophenax nivalis5.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Calcariidae
Slekt: Plectrophenax
Vitskapleg namn
Plectrophenax nivalis
Snøsporvegg frå Ny-Ålesund

Snøsporv (Plectrophenax nivalis) er ein trekkfugl i ein nyleg oppretta familie Calcariidae.

Fuglen er sporvestor. Fjørdrakta er for det meste kvit, men fuglen er svart på vengene.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Snøsporven har sirkumpolar utbreiing nord for tregrensa. Han finst òg i fjellstrøk i Fennoskandia.

I Noreg hekkar snøsporven i høgfjellet i det meste av landet. I nord hekkar fuglen òg ved kysten. Populasjonen gjekk sterkt attende i perioden 2002 til 2012. Forskarane meinte at nedgangen kan vere relatert til klimaendringar. [1]

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Snøsporven er på hekkeplassen i april-mai. Hannane kjem først. Reiret vert hovudsakleg bygd av hoa. Ho legg 5-6 egg, som ho rugar i 12-13 døgn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Snøsporv
  1. Norsk institutt for naturforskning: Færre fugl i fjellet
Spire Denne biologiartikkelen som har med Skandinavia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.