Calcariidae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Calcariidae


Lappsporv, Calcarius lapponicus
Lappsporv, Calcarius lapponicus

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Calcariidae
Slekter
Vitskapleg namn
Calcariidae
Ridgway, 1901

Calcariidae er ein liten biologisk familie av sporvefuglar. Familien inkluderer lappsporv og snøsporv, og samlar totalt seks artar i tre biologiske slekter på verdsbasis. Leveområdet er hovudsakleg i Nord-Amerika og Eurasia. Dei er trekkfuglar, og kan leve i ei rekkje ulike habitat, inkludert grassletter, præriar, tundra, fjell og strender.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Medlemmar av Calcariidae har eit spenn i kroppsmassen frå rundt 20 gram som for præriesporv til rundt 42 gram for kvitsporv. Fjørdrakta for desse artane er generelt i brunt, grått og kvitt, med mørkebrune eller svarte irisar. Beina av snøsporv og kvitsporv er mørk gråe eller svarte, medan beina på andre artane i familien spenner frå uklår rosa til brun.

Medlemmar av Calcariidae føretrekkjer generelt opne område, inkludert præriar, vidder, jordbruksland og strender.[1] Delar av distribusjonen til snøsporven omfattar fjellområde.[2]

Dietten til artane i denne familien består av insekt, frø og gras. Desse sporvane er dagaktive, og beitar ved å gå og å plukke opp mat frå bakken.

Ein snøsporv i Alaska. Denne arten hekkar hovudsakleg på den arktiske tundraen og overvintrar i nordlege tempererte område
Foto: Donna Dewhurst

Utbreiinga av familien femnar om vide område. Av dei seks artane i familien, finst snøsporv og lappsporv både i både Nord-Amerika og i Eurasia, dei fire andre artane finst berre i Nord-Amerika.[3] Snøsporven hekkar i nordlege breiddegradar i eit omfattande hekkeområde som består av det nordlege Alaska og Canada, dei vestlege og sørlege kysten av Grønland, og det nordlege Skandinavia og Russland. Snøsporvane overvintrar i heile det sørlege Canada og nordlege USA i Nord-Amerika, og i Eurasia overvintrar dei i nordlege Storbritannia og eit stort band som strekkjer seg frå Tyskland austover gjennom Polen og Ukraina til Mongolia og Kina.[4] I tillegg har snøsporvar vore registrert som ein streiffuglar i Algerie og Marokko i Nord-Afrika, på Balkan, i Hellas og Tyrkia og på Malta.[4] Utbreiinga for lappsporv liknar den for snøsporv, han hekkar i Nord-Canada, Skandinavia, og Sibir, og i kyststrok i Alaska og Grønland og overvintrar i den nordlege USA og Canada, og i eit band mellom ca. 45 ° og 55 ° breiddegrad over Russland, Kasakhstan, Kina og Mongolia til Japanhavet.

Områda av dei andre artane i familien er mindre ekspansive enn for snøsporv og lappsporv. Kvitsporv hekkar utelukkande på fleire øyar i Beringhavet, og overvintrar primært på vestkysten av Alaska. I tillegg har kvitsporvar tidvis vore rapportert i Aleutane, og har vore ein streiffugl i British Columbia i Canada og dessutan statane Washington og Oregon i USA.[5] Tundrasporv hekkar i Alaska og det nordlege Canada, og overvintrar i den sentrale sørlege USA.[6] Præriesporven hekkar utelukkande i regionar med prærie i USA og Canada, medan vinterområdet strekkjer seg frå det sørlege USA til det sentrale Mexico. Hekkeområda til skjoldsporv er som for præriesporv, men vinterområdet strekker seig ikkje så langt sør, ikkje lengre sør enn til det nordlege Mexico.[7]

Taksonomi og artsliste[endre | endre wikiteksten]

Fuglane i dagens Calcariidae vart tidlegare inkludert i busksporvfamilien, Emberizidae.[3] Ein fylogenetisk studie av Alström et al i 2008 stadfesta at medlemmar av denne familien dannar ein klade ganske fråskilt frå Emberizidae, med slektskapar i staden med parulaer (Parulidae), kardinalar (Cardinalidae) eller tanagarar (Thraupidae), men dei eksakte relasjonane deira er uklåre.[8] Dei foreslo å plassere dei i stammen Calcariini,[8] men Den internasjonale ornitologiske kongressen plasserte dei i sin ein eigen familie i 2010.[3] Timing med cytokrom b DNA tyder på at Calcariidae splitta frå ein felles stamfar rundt 4,2 til 6,2 millionar år sidan, rundt byrjinga av pliocen, moglegvis snart etter spreiing av grassletter i Nord-Amerika ettersom klimaet i slutten av miocen vart tørrare og kjøligare.[9]

Kvitsporven er ofte sett på som ei underart av snøsporv, og hybridisering har vore rapportert.[10] Men ein studie av Maley og Winker i 2007 har funne monalege skilnader i juvenile fjørdrakt mellom dei to gruppene, som stør splitting på artsnivå.[11] Andre medlemmar av Calcariidae som er kjente for å hybridisere med kvarandre er skjoldsporv og præriesporv.[12]

Calcariidae i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[13] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[14]

Slekt Calcarius

Slekt Rhynchophanes

  • Skjoldsporv, Rhynchophanes mccownii, McCown's Longspur

Slekt Plectrophenax

  • Snøsporv, Plectrophenax nivalis, Snow Bunting
  • Kvitsporv, Plectrophenax hyperboreus, McKay's Bunting

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kaufman, Kenn (2011). Kaufman Field Guide to Advanced Birding: Understanding what You See and Hear. Houghton Mifflin Harcourt. ss. 433. ISBN 0547248326. 
  2. Mobley, Jason A. (2008). Birds of the World. Marshall Cavendish. ss. 580–81. ISBN 0761477756. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Gill F and Donsker D, ed (30 June 2013). Tanagers, Cardinals and allies. International Ornithologists’ Union. 
  4. 4,0 4,1 BirdLife International (2013). «Plectrophenax nivalis (Snow Bunting)». IUCN Red List of Threatened Species: 2013.1. International Union for Conservation of Nature and Natural Resources. http://www.iucnredlist.org/details/106008973/0. Henta 16. desember 2013. 
  5. «Plectrophenax hyperboreus». International Union for Conservation of Nature and Natural Resources. http://www.iucnredlist.org/details/106008974/0. Henta 16. desember 2013. 
  6. Briskie, James V.. «Smith's Longspur». Cornell Lab of Ornithology. http://bna.birds.cornell.edu/bna/species/034/articles/distribution. Henta 16. desember 2013. 
  7. With, Kimberley A.. «McCown's Longspur». Cornell Lab of Ornithology. http://bna.birds.cornell.edu/bna/species/096/articles/distribution. Henta 16. desember 2013. 
  8. 8,0 8,1 Alström P, Olsson U, Lei F, Wang HT, Gao W, Sundberg P (2008). «Phylogeny and classification of the Old World Emberizini (Aves, Passeriformes)». Molecular Phylogenetics and Evolution 47 (3): 960–73. doi:10.1016/j.ympev.2007.12.007. PMID 18411062. 
  9. Klicka, J., Zink, R.M. and Winke, K., John (2003). «Longspurs and snow buntings: phylogeny and biogeography of a high-latitude clade (Calcarius)». Molecular Phylogenetics and Evolution 26 (2): 165–75. doi:10.1016/S1055-7903(02)00360-3. PMID 12565028. 
  10. Sealy, Spencer G. (1969). «Apparent Hybridization between Snow Bunting and McKay's Bunting on St. Lawrence Island, Alaska». The Auk 86 (2): 350–351. doi:10.2307/4083511. 
  11. Maley, James M. and Winker, Kevin, James M. (2007). «Use of Juvenal Plumage in Diagnosing Species Limits: An Example Using Buntings in the Genus Plectrophenax». The Auk 124 (3): 907–915. doi:10.1642/0004-8038(2007)124[907:UOJPID]2.0.CO;2. JSTOR 25150346. 
  12. MacDonald, Christie A.; Martin, Tracy; Ludkin, Rick; Hussell, David J.T.; Lamble, David; Love, Oliver P. (2012). «First Report of a Snow Bunting × Lapland Longspur Hybrid». Arctic 64 (3): 344–348. 
  13. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/download/, henta 3. november 2013 
  14. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]