Solovkiøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Solovetskij kloster i 1915.

Solovkiøyane (russisk Соловецкие острова - Solovetskije ostrova eller Соловки - Solovki) er ei gruppe øyar i Onegabukta i Kvitsjøen i Russland. Øyane er ein del av Arkhangelsk oblast og Solovetskij distrikt. Dei har eit samla areal på 347 km² og 968 innbyggjarar (2002).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øygruppa bestrå av seks øyar:

Kysten av øyane er særs forreven. Dei består av granitt og gneis. Øyane er åslendte og det høgaste punktet er 107 meter over havet. Det meste av Solovkiøyane er dekt av furu og norsk gran og er delvis myrlendt. Det er mange innsjøar og nokre av desse vart knytt saman av kanalar som munkane som levde her bygde.

Kloster[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Solovetskij kloster.

Historisk er øyane kjend for det russisk-ortodokse Solovetskij kloster. Det vart grunnlagd på midt på 1400-talet av to munkar frå Kirillo-Belozerskij kloster. Mot slutten av 1500-talet hadde klosteret vorte ein av dei rikaste landeigarane og eit av dei største religiøse sentra i Russland.

Den eksisterande festninga og dei store kyrkjene i stein vart reist under styret til Ivan den grusomme etter påbod frå St. Filip av Moskva. Ved byrjinga av skisma i den russiske kyrkja stod munkane trufast ved trua til fedrene sine og kasta tsaren sine representantar bort frå Solovkiøyane, noko som førte til ei åtte år lang omleiring av øyane av styrkane til tsar Aleksej

Bombinga av Solovetskij kloster av den keisarlege marinen under krimkrigen. Eit stikk frå 1868.

Gjennom keisartida i russisk historie var klosteret kjend som ein sterk festning som stod imot fiendtlege åtak under den liviske krigen (1500-talet), den store urotida (1600-talet), krimkrigen (1800-talet) og den russiske borgarkrigen (1900-talet).

Arbeidsleir[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Solovki fangeleir.

Etter oktoberrevolusjonen vart øya kjend som den første sovjetiske fangeleiren. Leiren vart innvigd som «interneringsleir» i 1921, medan Lenin framleis styrte landet. Han var omforma til fengsel i 1929 og nedlagd ti år seinare like før byrjinga av andre verdskrigen. Dei sovjetiske styresmaktene innsåg at øya var strategisk viktig og då krigen braut ut var det ein marinebase her for den sovjetiske nordflåten.

I 1974 vart Solovkiøyane erklært eit historisk og arkitektonisk museum og eit naturreservat av Sovjetunionen. I 1992 vart det skrive inn på verdsarvlista til UNESCO «som eit glimrande døme på ein klosterbusetnad i eit ugjestmildt miljø i Nord-Europa».[1] I dag er Solovkiøyane ein stor turistattraksjon i Nord-Russland. Ein kan kome til øyane med båt frå Kem eller med fly frå Arkhangelsk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Solovkiøyane

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. UNESCO

Koordinatar: 65°05′N 35°53′E