Sondre Bratland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sondre Bratland (fødd 11. september 1938) er ein norsk kvedar, songar og songpedagog frå Edland i Vinje. Han har òg skrive tekstar til kjente songar.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Bratland er utdanna lærar med fordjuping i norsk og musikk, og jobba som både lærar og rektor i heimkommunen Vinje i åra 1969 - 1990. Frå 1970 - 78 sat han også i Vinje kommunestyre, og han har vore speidarleiar i over 25 år, noko han vann heidersteiknet til Noregs KFUK-KFUM for. I dag er Bratland tilsett som dosent II ved folkekulturstudiet på Høgskolen i Telemark, og han har vore leiar for dette studiet i 5 år. Som songpedagog har han m.a. vore læremeisteren til Arve Moen Bergset.

Oppstart som artist[endre | endre wikiteksten]

Bratland sitt plateselskap har i alle år vore Kirkelig Kulturverksted, og han debuterte med si fyrste soloplate, Pilegrimens sangbog i 1982. Han vann Spellemannprisen 1982 i klassen folkemusikk for henne, og fekk dermed ein svært god start som artist. Neste soloplate, Den blå gleda kom allereie i 1983. I 1986 vann han Vinje kommunes kulturpris, I 1997, etter å ha gjeve ut åtte plate både åleine og i samarbeid med andre, vart Bratland utnemnt til statsstipendiat. Bratland var også med på å starta opp kvedarskulen på Ole Bull AkademietVoss. I 2003 vann han Telemark fylkes kulturpris.

Særpreg og prestasjonar[endre | endre wikiteksten]

Det er religiøs folkesong Bratland har gjort mest av, særleg tradisjonelle songar frå Øvre Telemark og Setesdal, og viktige kjelder for han har vore hans eige mor Sigrid Bratland og tanta Brita Bratland, samt Tallak Hoslemo frå Bykle og folkesongaren Ragnar Vigdal frå Luster. Han held helst konsertar i kyrkjerommet, og har sunge i over 600 kyrkjer i heile Noreg. Utanlands har Bratland m.a. halde konsertar i Sverige, Danmark, Island, Færøyane, Belgia, Tyskland, USA, Palestina og Bhutan. I 2008 kom Bratland ut med si trettande soloplate.

Bratland har også eksperimentert innan folkesongen, t.d. i samarbeid med andre artistar. Han har også omsett tekstar av country-songaren Hank Williams, skrive musikk til kyrkjespel, skrive melodi til dikt av Olav H. Hauge, Tarjei Vesaas og Olav Mosdøl og sett norsk tekst på irske folketonar. Eit døme på det siste er den kanskje mest kjende songen av Sondre Bratland, Gjev meg handa di, du - dette er ein irsk folketone som Bratland har sett norsk tekst til.

Plateutgjevnader[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]