Sozialdemokratische Partei Österreichs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sozialdemokratische Partei Österreichs er eit politisk parti i Austerrike. Ved sist parlamentsval i Austerrike vart det det største partiet, med 35,3 % av røystene. Sidan 11. januar 2007 er det regjeringspartiet i Austerrike, og leiaren, Alfred Gusenbauer, er austerriksk kanslar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I årsskiftet 1888-1889 blei Det sosialdemokratiske arbeidarpartiet (Sozialdemokratische Arbeiterpartei SDAP) danna. Det var Victor Adler som fekk i stand denne samlingskongressen av dei ulike sosialistiske gruppene i landet. Hovudorganet til det nye partiet blei avisa «Arbeiter-Zeitung», som kom ut frå 12. juli 1889. I 1893 blei så den faglege landsorganisasjonen danna. Ei av dei viktigaste sakene for partiet var allmenn stemmerett.

Da det austerriksk-ungarske dobbeltmonarkiet fall saman ved nederlaget i første verdskrigen, var det sosialdemokratane som stod i brodden for etableringa av den første demokratiske republikken i det tyskspråklege Austerrike (Deutschösterreich) i 1918. Grunnlova var skriven av sosialdemokraten Karl Renner.

Som regjeringsparti fram til 1920 fekk SDAP gjennom fleire sosiale reformer, men frontane mellom sosialdemokratane og dei borgarlege blei stadig hardare, og etter kvart slo det største borgarlege partiet inn på vegen til austrofascismen. Men i Wien var SDAP fleirtalsparti og gjennomførte der ein sosialistisk kommunalpolitikk som vekte internasjonal oppsikt, blant anna med omfattande sosial bustadbygging.

Etter Oppstanden i Wien i 1934 blei demokratiet avskaffa og både det kommunistiske og det sosialdemokratiske partiet forbodne. I 1938 blei Austerrike innlemma i Hitler-Tyskland ved det såkalla Anschluss.

SDAP var i mellomkrigstida prega av den såkalla austromarxismen, som med blant andre Otto Bauer i spissen utvikla ein klart venstresosialistisk kurs som ein for eksempel ser i Linzprogrammet frå 1926. Partiet hadde også ein delvis væpna milits, Schützbund (Verneforbundet), som likevel kom til kort i den defensive oppstanden i 1934, mot den samla styrken til høgremilitsen, politiet og den regulære hæren. Desse sosialistiske militsmedlemmene var likevel dei første som tok opp væpna motstand mot den framveksande fascismen i Europa. Verken i Italia eller Tyskland skjedde dette da fascistane og nazistane tok makta der.

Etter nazismen og krigen måtte landet byggast opp att, og sosialdemokratane spela der ei viktig rolle, lenge i storkoalisjon med det borgarlege folkepartiet ÖVP. Den andre demokratiske republikken blei etablert i 1945, med Karl Renner som forbundspresident, i eit samarbeid mellom ÖVP og Sozialistische Partei Österreichs SPÖ, som dei sosialdemokratiske partiet no heitte. I 1955 blei dei siste sovjetiske okkupasjonsstyrkane trekte ut, mot lovnad om austerriksk nøytralitet.

I 1967 blei Bruno Kreisky partileiar og førte partiet til fleire valsigrar i 1970-åra.

Partiet skifta i 1991 namn til Sozialdemokratische Partei Österreichs. Etter å ha vore regjeringsparti i nesten 30 år frå 1970 – stort sett saman med eitt eller fleire borgarlege parti - blei SPÖ frå 1999 halde utanfor regjeringa da ÖVP gjekk inn i samarbeid med den høgreekstreme Jörg Haiders parti, det tidlegare liberale FPÖ.

Noverande partileiar i SPÖ er Alfred Gusenbauer. Partiet har dei siste åra framstått som såkalla «modernisert» sosialdemokrati, EU-vennleg og svært lite sosialistisk.