Speak Softly Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Speak Softly Love (Love Theme from The Godfather)
av Andy Williams
B-side

«A Fool Never Learns»

Språk engelsk
Utgjeve April 1972
Sjanger Vokal
Lengd 2:41
Selskap Columbia Records 45579
Komponist Nino Rota
Låtskrivar(ar) Larry Kusik, Nino Rota
Produsent Dick Glasser
Andy Williams-kronologi 
«Music from Across the Way»
(1972)
Speak Softly Love (Love Theme from The Godfather) «MacArthur Park»
(1972)


«Speak Softly Love (Love Theme from The Godfather)» er ein song skriven for Gudfaren (1972), den første filmen i Gudfaren-triologien. Instrumentalversjonen vert berre kalla «The Godfather Love Theme», medan «Speak Softly Love» er vokalversjonen. Teksten er skriven av Larry Kusik, medan musikken er komponert av Nino Rota. Signaturmelodien som opnar stykket minnar mykje om eit tema som dukkar opp tidleg i «Preludio - Povero Ernesto!» i operaen Don Pasquale av Gaetano Donizetti (1797-1848). Ein liknande melodi finst òg i Overturen til «La Forza del Destino» av Giuseppe Verdi (1813-1901). Det finst òg forskjellige tekstar til songen på italiensk («Parla Più Piano»), fransk («Parle Plus Bas») og siciliansk («Brucia La Terra»). Den sicilianske versjonen vert sungen av Anthony Corleone (Franc D'Ambrosio) i Gudfaren III.

Rota hadde nytta ein meir komisk versjon av songen i 1958 i filmen Fortunella. Då dette vart oppdaga vart ikkje musikken til Rota for Gudfaren kvalifisert for ein Oscarnomniasjon i 1973.[1] Rota vann likevel Oscarprisen i 1974 for musikken til Gudfaren II, som inneheld det same stykket.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart opphavleg spelt inn av Andy Williams, men mange andre artistar som Al Martino, Eric Clapton og Bobby Vinton, har òg spelt inn songen:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]