Springvaktel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Springvaktel
Springvaktel Turnix sylvaticus
Springvaktel Turnix sylvaticus
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Springvaktel
Utbreiinga av Springvaktel
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Springvaktlar Turnicidae
Slekt: Turnix
Art: Springvaktel T. sylvaticus
Vitskapleg namn
Turnix sylvaticus
Springvaktelegg

Springvaktel er ein liten fugl i familien Turnicidae. Dette er einaste medlemmen i familien som ein kan finne vill i ein del av Europa. Leveområdet er Sør-Spania, Afrika og gjennom India og tropisk Asia til Indonesia.

Denne arten er ekstremt vanskeleg å observere. Han er 15 cm lang, har lite synlege farger og føretrekk å sleppe unna farar med å springe bort framfor å flyge. Fuglane lever av insekt og frø på varme grassletter eller i krattskog.

Springvaktel liknar arten vaktel. Dei har stripa sandbrun overside, gulbrun underside med svarte markeringar på flanken og meir einsfarga ansikt. I flukt er det synlege kontrastar mellom lyse vengdekkfjør og mørkare handsvingfjør. Kjønna er nesten like, hofuglar litt større og noko klårare farger[1], ungfuglar har meir flekka underside.

Hofuglane tar initiativ til paringsleik og byggjer reiret på bakken. Hannen rugar normalt fire flekka, grå egg, og passer ungane. Ungane spring så snart dei er klekte ut. Hekketida er frå juni til september. Reiret er plassert i et naturleg søkk i bakken, fora med gras. Det er vanlegvis er gøymt bort blant grastustar. I sære høve kan graset vere bøygd over reiret i ein slags baldakin.

I reviret har hofuglar ein hooo-hooo-hooo lyd og hanfuglen svarar med eit kek-kek-kek.

Arten springvaktel unngår tett skog og kupert land, og lever fortrinnsvis i kornåkrar og er vanlege i graskledde område, men dei finst òg i mellom låge vekstar og i opne krattskogar. Dei skjuler seg for farar og flyg ikkje opp før ein fare er svært nær, då flyg dei lågt, i eit kort strekk over bakken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Svensson, Lars et al, (1999) Gyldendals store fugleguide, Gyldendal ISBN 82-05-25554-7