Invercargill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Invercargill
Waihōpai (maori)
Utsikt over sentrale Invercargill
Utsikt over sentrale Invercargill
Utsikt over sentrale Invercargill
Styresmakter
Land
New Zealand New Zealand
Geografi
Flatevidd 491 km²
Flatevidd
 - City

491 km²
Innbyggjarar[1]
 - City (2009)
   - folketettleik
 - Byområde

52 000
  105,9/km²
48 300
Koordinatar 46°25,5′″S 168°18,6′″EKoordinatar: 46°25,5′″S 168°18,6′″E
Høgd over havet 0 m
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 9810, 9812
Telefon-retningsnummer 03
Heimeside: http://www.icc.govt.nz/
Plassering
Invercargill City på Sørøya
Invercargill City på Sørøya
Invercargill City på Sørøya
Esk Street, ei av dei største handlegatene i Invercargill.

Invercargill (Waihōpaimaori[2]) er den sørlegaste og vestlegaste byen (city) på New Zealand, og ein av dei sørlegaste byane i verda. Han er det økonomiske senteret i regionen Southland. Byen ligg midt ute på dei vide slettene Southland Plains ved Oreti eller New River om lag 18 km nord for Bluff, som er den sørlegaste tettstaden på Sørøya. Byen er omgjeven av grøderikt landbruksland som på si side er avgrensa av store område verna land- og havområde, mellom desse nasjonalparken Fiordland National Park som dekkjer det sørvestlege hjørnet til Sørøya.

Invercargill har den einaste innandørs velodromen i landet. Den innandørs 250 m lange velodromen med tredekke er den viktigaste for banesykling i Southland, og er for tida den snøggaste banen på New Zealand.

Mange av gatene i byen, spesielt i sentrum og dei viktigaste forretningsstroka, er namngjevne etter elver i Storbritannia, for det meste i Skottland. Dette gjeld hovudgatene Dee og Tay, og gatene som har fått namn etter Tyne, Esk, Don, Themsen, Mersey, Ness, Yarrow, Spey og Eye.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Vegar[endre | endre wikiteksten]

Invercargill er den sørlegaste byen langs hovudvegnettet på New Zealand, og har samband til Fiordland og Catlins gjennom Southern Scenic Route og Dunedin og Gore ved New Zealand State Highway 1. Han er også den sørlegaste enden av State Highway 6 som kjem frå Queenstown og West Coast.

Jarnvegar[endre | endre wikiteksten]

Invercargill ligg lengst sør på Main South Line , som går vidare oppetter langs austkysten til Christchurch og Lyttelton via Dunedin. Inntil nedlegginga av passasjertrafikken i 2002 hadde Invercargill sørlegaste jarnvegsstasjonen for passasjertrafikk i verda. No går det ikkje lenger pasasjertog til Invercargill, utanom særskilde turar. Linja til Bluff går sørover frå Invercargill, men har berre hatt godstrafikk sidan 1967. Wairio Branch går nordvest frå Invercargill til kolgruvene til Solid Energy nær Ohai, og held fram med godstrafikk. Invercargill var ein gong sentrum i eit mykje større jarnvegsnettverk som gjennom åra har vorte innskrenka.

Flyplass[endre | endre wikiteksten]

Midt på 1950-talet vart Invercargill Airport brukt for drivstoff-fylling og siste avgangsstad for «Operation Deep Freeze», ein serie amerikanske ekspedisjonar. To-motors propellfly med kurs for McMurdosundet i Antarktis brukte flyplassen, og hadde assistert takeoff med JATO-rakettar under vengene. Større fly flaug frå Christchurch då ein permanent Deep Freeze-base vart etablert der.

Air New Zealand har åtte daglege flygingar til Christchurch og to til Wellington, og Stewart Island Flights har regelmessige flygingar til og frå Stewart Island/Rakiura. Mount Cook Airline og Air Nelson, heileigde underselskap av Air New Zealand, flyg også frå denne flyplassen. Mainland Air frå Dunedin har kontrakt på å fly lækjarar til Southland Hospital frå Dunedin Hospital.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det gamle vasstårnet - eit ikon i Invercargill.

Southland var ein stad der det tidleg var kontakt mellom europearar og māoriar, europearane var sel- og kvalfangarar og misjonærar. Frå 1848 vart det i Otago, som Southland på den tid var ein del av, starta tilrettelagt innvandring ved den skotske frikyrkja, ei grein av den skotske presbytarianske kyrkja. Busetjinga auka då det vart funne gull i Central Otago i 1860-åra.

Sjølv i dag høyrest restar etter skotsk talemål i Southland, der ein ofte kan høyra rulle-r i bruk. Dette er mest vanleg på landsbygda.

I 1856 vart det sendt eit bøneskriv til Thomas Gore Browne, generalguvernøren på New Zealand, om å byggja ut ei hamn ved Bluff. Browne gjekk med på dette, og gav namnet Invercargill til busetjinga nord for hamna. Inver kjem av det skotsk gæliske ordet inbhir som tyder elvemunning, og Cargill er til ære for kaptein William Cargill, som på den tid var superintendent i Otago, som Southland då var ein del av[3].

Frå 1861 til 1870 var Invercargill hovudsete i provinsen Southland, som vart skild ut frå Otago Province, men som seinare gjekk inn i han att.

I desember 1905 røysta innbyggjarane i Invercargill for eit lokalt forbod mot sal av alkohol. Dette vara ved i 40 år, då ordninga vart røysta ned av soldatar som vende attende frå den andre verdskrigen. I mellomtida hadde ikkje drikkinga stoppa, store mengder øl, ofte i kaggar, vart tømde i private heimar, eller selde i glas på bortgøymde stadar kring byen. Då forbodet enda, overtala ein komité av innbyggjarane styresmaktene til å overlata alkoholsalet til eit monopol. Fortenesta av salet skulle gå til gode føremål i byen. Sjølv i dag vert det ikkje selt alkohol i daglegvarebutikkar.

Invercargil er ikkje berre eit større turistmål i seg sjølv, men ligg også godt plassert langs turistruta Southern Scenic Route, og det kan gjerast dagsturar til mange mål kring byen, mellom desse til Queenstown, Dunedin, Stewart Island/Rakiura og Fiordland.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Invercargill er den sørlegaste byen i det britiske samveldet. Han ligg på dei fruktbare slettene Southland Plains, som er av det mest grøderike jordbrukslandet på New Zealand. Den sørlege delen av Invercargill ligg på breidda til New River Estuary, medan den nordlege delen ligg ved Waihopai River. Nær Invercargill ligg Oreti Beach, ei lang sandstrand mellom byen og den nærliggjande Riverton.

Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Invercargill har eit temperert oseanisk klima liknande det på dei britiske øyene. Den gjennomsnittlege dagtemperaturen varierer frå 5,2°C i juli til 14 °C i januar. Den årlege gjennomsnittstemperaturen er 9,9 °C. Nedbøren er gjennomsnittleg 1112 mm årleg, og målbare snøfall har ein no og då i vintermånadane juni til september. Byen er det mest overskya senteret på New Zealand med 1580 solskinnstimar i året. Trass i skydekket og det relative høge talet på regnvêrsdagar, har Invercargill mindre regn enn både Auckland og Wellington. Invercargill er også den byen på New Zealand som har nest mest vind, etter Wellington.

Den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen varierer frå 18,8 °C i february til 9,5 °C i juli, men temperaturen går av og til over 25 °C om sommaren, og ein maksimumstemperatur på 32,2 °C har vore målt (1973)[4]. På grunn av den relativt høge breiddegraden (46° 42'), har byen nesten 16 timars dagsljos ved sommarsolkverv i desember.

Klimatabell: Invercargill
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 18,6°C
65°F
18,8 °C
66 °F
17,2 °C
63 °F
15,0 °C
59 °F
12,2 °C
54 °F
9,7 °C
49 °F
9,5 °C
49 °F
11,0 °C
52 °F
12,9 °C
55 °F
14,4 °C
58 °F
15,8 °C
60 °F
17,5 °C
64 °F
14,4°C
58°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 9,4°C
49°F
9,1 °C
48 °F
7,7 °C
46 °F
5,8 °C
42 °F
3,7 °C
39 °F
1,5 °C
35 °F
0,9 °C
34 °F
1,9 °C
35 °F
3,7 °C
39 °F
5,5 °C
42 °F
6,8 °C
44 °F
8,4 °C
47 °F
5,4°C
42°F
Gjennomsnittleg total nedbør 114 mm
4,49 "
79 mm
3,11 "
94 mm
3,70 "
100 mm
3,94 "
114 mm
4,49 "
99 mm
3,90 "
88 mm
3,46 "
71 mm
2,80 "
80 mm
3,15 "
95 mm
3,74 "
81 mm
3,19 "
100 mm
3,94 "
1112 mm
43,78 "
Kjelde: NIWA Climate Data[5]
Panorama over Invercargill frå det historiske vasstårnet. Queen's Park ligg mot høgre i biletet.
Reptilet tuatara i Southland museum and art gallery
Frå Otepuni Gardens.

Venskapsby[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Invercargill