Stige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stige opp i lufta til bruk for Danza de los Voladores.

Stige (av norrønt stigi, stegi) er ein reiskap med fleire trinn som ein kan klatra opp eller ned med. Ein stige kan vera av stivt materiale, som tre, metall eller plast, eller noko meir fleksibelt, som ein taustige eller leider. Stigen kan også vera fastmontert ein stad, til dømes på ein bygning, eller vera flyttbar. Ein bruker stigar mellom anna til vask og vedlikehald, arbeid i høgda ute og inne, og som tilgangsmåte, men også til leik og underhaldning.

Forlengande metallstige inni eit tårn.
Stige ned i bakken.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Vanlegvis er stigar utforma av to parallelle stenger eller tau med tverrstenger eller tau imellom, men i andre utformingar kan ein bruka ein enkeltstolpe med trinn utover, eller ein planke med klatrehòl i. Dei kan ha berre nokre få trinn, som bassengstige eller trappestige, eller mange trinn, og brukast til store høgder. Ein kan mellom anna laga stigar av tre, bambus, metall, glasfiber og plast.

Stigar med tau i sidene heng frå eit feste øvst. Stive stigar kan anten ha eit slikt øvre feste, vera fastmontert på ein vegg, eller stå sjølv på eit jamnt, solid underlag. Desse er stødigare for brukaren enn mjuke stigar.

Ofte er stigar flyttbare, og dei kan òg vera samanslåbare, anten som ei gardintrapp som kan opnast til ei A-form, eller med forlengande parallelle stykke. Dette gjer stigen meir handterleg når ein vil flytta han enn om han var slått ut. Andre stigar kan vera fastmonterte inni eller utanpå bygningar og på tak.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Ein bruker gjerne stigar til midlertidig arbeid som tak- eller vindusvask, handsaming av gardin, målararbeid og vedlikehald av tak og pipe.

Stigar kan òg brukast til å ta seg fram ved, utanpå eller inni byggverk der det er meir passande eller praktisk enn andre framkomstmåtar. Nokre bustader og lokalsamfunn, til dømes i bratte fjell og klipper, har ein gjerne brukt stige for å nå. Andre stader der ein kan bruka stige er til dømes siloar og liknande lager eller tårn, større fartøy som skip, eller klatrestativ på leikeplassar. Stigar kan òg brukast som rømmings- eller tilkomstveg om vanlege vegar er sperra, til dømes ved brann.

Stigar i tru og kultur[endre | endre wikiteksten]

Jakobsstigen i ein katakombe i Roma.

Ei utbreidd form for folketru seier at det medfører ulukke å gå under ein stige som står lent inntil ein vegg. Dette kan også reknast som sunt folkevett, ettersom den som går under stigen anten kan få noko i hovudet frå den som står oppå, eller fordi han kan koma til å skubba til stigen. Det er vidare blitt forklart at ein stige som står slik og danner ein trekant symboliserer treeininga, som ein så fornekter ved å gå under stigen.

I jødisk og kristen tradisjon er himmelstigen eller jakobsstigen blitt eit viktig symbol etter at patriarken Jakob såg ein slik stige opp til himmelen som englar gjekk opp og ned på. Himmelstigen er eit viktig ikonmotiv i ortodoks kristendom.

«Stige» blir òg brukt i overført tyding, som i «rangstige», «karrierestige» og liknande. Ein musikalsk skala kan òg kallast «tonestige». Namnet på det kjende italienske operabygget La Scala i Milano tyder 'stigen', men har ikkje samanheng med musikkuttrykket.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stige

Kjelder[endre | endre wikiteksten]