Storfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Storfugl

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Cock of the Wood.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Klasse: Aves
Orden: Galliformes
Familie: Phasianidae
Underfamilie: Tetraoninae
Slekt: Tetrao
Art: T. urogallus
Vitskapleg namn
Tetra urogallus
Storfugl, Tiur (m), Røy (f)
Namn på andre språk
Norrønt Þiðurr (m)
Nordsamisk Čukčá
Svensk Tjäder
Dansk Tjur
Engelsk Western Capercaillie, Wood Grouse, Heather Cock
Tysk Auerhuhn
Fransk Grand Tétras
Spansk Urogallo
Russisk Glukhar (Глухарь)

Storfugl (Tetrao urogallus) er største arten av skogshøns. Storfuglen vert ogso kalla for tiur (hann) og røy (ho).

Røy
Tiur

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Tiuren er betydeleg større enn røya. Ein vaksen tiur veg om lag 4–4,5 kg og vert om lag 86cm lang, medan ei vaksen røy vert 2–2,5 kg og 61 cm lang. I sjeldne tilfelle kan tiuren verte over 5 kg. Ungfuglar har vekt på 1,5–4,5 kg. Tiuren og røya kan vanskeleg forvekslast. Tiurens gråsvarte rygg, grønglinsande bryst og svarte halefjør er karakteristiske. Røya er spraglete og har soleis ein meir typisk vernefarge.

Tiur i leik.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Tetrao urogallus urogallus

Forplantinga vert innleidd med tiurleiken, som er i slutten av april og byrjinga av mai. Storfuglen er polygam og tiuren har ingen kontakt med røya etter paringingstida. Røya legg 6-8 egg i ein senking i bakken 2-3 dagar etter paring på spelplassen. Egga vert klekt etter 25-29 dagar med ruging. Når egga har klekt, er kyllingane brune, begge kjønna. Når det nærmar seg våren, blir tiurungane svarte.

Forvekslingsart[endre | endre wikiteksten]

Storfugl kan vanskeleg forvekslast med andre artar. Røya er betydeleg større enn orrhøne, men er lik i fjørdrakta. Røya sin hale skil seg likevel tydeleg med sin avrunda form, mot orrhøna sin splitta hale.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Storfuglen finst i bar- og blandingsskog over heile landet. Han er likevel ikkje so vanleg på Vestlandet som i resten av landet. Bær og bærlyng er viktigaste føde i barmarkssessongen, medan han i vinterhalvåret beiter på furuknoppar. Tiuren er spesielt ynda som jaktobjekt og det vert drive med trofejakt på tiur i Noreg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Storfugl