Surrealistic Pillow
| Surrealistic Pillow Studioalbum av Jefferson Airplane |
||
| Innspelt | 31. oktober til 22. november 1966 i RCA Victor's Music Center i Hollywood i California | |
| Sjanger | Psykedelisk rock, folkrock | |
| Lengd | 33:40 | |
| Selskap | RCA Victor LSP 3766 | |
| Produsent | Rick Jarrard[1] | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Jefferson Airplane-kronologi | ||
| Jefferson Airplane Takes Off (1966) |
Surrealistic Pillow | After Bathing at Baxter's (1967) |
Surrealistic Pillow er det andre albumet til det amerikanske psykedeliske rockebandet Jefferson Airplane. Det kom ut i februar 1967.[2]
Den opphavlege trommeslagaren Alexander 'Skip' Spence hadde gått frå bandet halvvegs i 1966 og vart erstatta av ein jazztrommis frå Los Angeles, Spencer Dryden. Den nye solovokalist Grace Slick kom òg med i bandet i 1966. Både Slick og Dryden debuterte med bandet på plate med detet albumet og dei tilhøyrande singlane, med det som var den mest kjende besetninga av gruppa, som var stabil fram til Dryden slutta i 1970. Det er òg rekna for å vere eit av dei viktigaste albuma frå motkulturrørsla i 1960-åra.
Innhaldsliste |
Oversy [endre]
Jefferson Airplane blanda folkrock og psykedelia, noko som var nyskapande på denne tida, på lik linje med dei musikalske retningane som The Byrds, The Mamas & the Papas og Bob Dylan hadde stått i spissen for. Surrealistic Pillow var det første verkeleg store psykedeliske albumet av eit band frå San Francisco, og synte for verda det aktive bohemmiljøet som hadde utvikla seg der frå Beat-generasjonen i 1950-åra, og som endra seg gjennom 1960-åra til motkulturen i Haight-Ashbury. Den store omtalen Airplane og andre fekk medførte store endringar til denne motkulturen, og i 1968 hadde all mediaomtalen skapt eit heilt anna miljø i San Fransisco enn det som hadde eksistert i 1966.
Grateful Dead-gitaristen Jerry Garcia skal ha medverka på albumet. Han skal visstnok ha vore til stades på fleire spor, men det nektar produsent Rick Jarrard for,[3]. Garcia er derimot tilskriven på plateomslaget.[3].
Surrealistic Pillow vart opphavleg gjeven ut som RCA Victor LPM/LSP 3766, og nådde 3. plass på albumlista i USA, driven fram av «White Rabbit» og «Somebody to Love», som nådde respekteive 8. og 5. plass på singellista. Albumet vart miksa i både mono og stereo, og begge miksane er tilgjengeleg på ein sjeldan gull-CD-utgåve av RCA frå 2001, og som del av boksen Ignition. Monoversjonen vert faktisk føretrekt av somme samlarar fordi han har ein meir kraftfull lyd og langt mindre ekko og klang enn stereomiksen. Ein annan stereomiks kom ut i august 2003 med sju bonusspor, inkludert monoutgåve av «Somebody to Love» og «White Rabbit».
Den britiske utgåva av albumet var ei blanding av den amerikanske utgåva og den første plata deira, Jefferson Airplane Takes Off.
I 2003 vart albumet rangert på 146. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[4]
Innhald [endre]
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 1. | «She Has Funny Cars» | Jorma Kaukonen, Marty Balin | 03:14 | ||||||
| 2. | «Somebody to Love» | Darby Slick | 03:00 | ||||||
| 3. | «My Best Friend» | Skip Spence | 03:04 | ||||||
| 4. | «Today» | Balin, Paul Kantner | 03:03 | ||||||
| 5. | «Comin' Back to Me» | Balin | 05:23 | ||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 6. | «3/5 of a Mile in 10 Seconds» | Balin | 03:45 | ||||||
| 7. | «D.C.B.A. -25» | Kantner | 02:39 | ||||||
| 8. | «How Do You Feel» | Tom Mastin | 03:34 | ||||||
| 9. | «Embryonic Journey» | Kaukonen | 01:55 | ||||||
| 10. | «White Rabbit» | Grace Slick | 02:32 | ||||||
| 11. | «Plastic Fantastic Lover» | Balin | 02:39 | ||||||
| Bonusspor på 2003-utgåva | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 12. | «In The Morning» | Kaukonen | 06:21 | ||||||
| 13. | «J.P.P. McStep B. Blues» | Alex Spence | 02:37 | ||||||
| 14. | «Go To Her» (Versjon to) | Kantner, Irving Estes | 04:02 | ||||||
| 15. | «Come Back Baby» | Traditional, Arr. Kaukonen | 02:56 | ||||||
| 16. | «Somebody to Love» (mono) | Darby Slick | 02:58 | ||||||
| 17. | «White Rabbit» (mono) | Grace Slick | 05:20 | ||||||
| 18. | «D.C.B.A. -25» (instrumental, gøymd spor) | 02:40 | |||||||
Medverkande [endre]
- Marty Balin – vokal, gitar
- Grace Slick – vokal, piano, orgel, blokkfløyte
- Paul Kantner – rytmegitar, vokal
- Jorma Kaukonen – sologitar, vokal
- Jack Casady – bass, fuzzbass, rytmegitar
- Spencer Dryden – trommer, perkusjon
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Surrealistic Pillow» frå Wikipedia på engelsk, den 9. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.jeffersonairplane.com/surreal.html
- ↑ Ashley Brown, ed (1990). The Marshall Cavendish Illustrated History of Popular Music. 8 (Reference ed.). Marshall Cavendish. pp. 909–913. ISBN 1-85436-023-4.
- ↑ 3,0 3,1 Tamarakin, Jeff (2003). Got a Revolution: The Turbulent Flight of Jefferson Airplane. Simon and Schuster. ISBN 0671034030.
- ↑ http://www.rollingstone.com/news/story/5938174/the_rs_500_greatest_albums_of_all_time/2