Symjesnipe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Symjesnipe Status i verda: Livskraftig (LC) |
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Charadriiformes | |
| Familie: | Scolopacidæ | |
| Slekt: | Phalaropus | |
| Art: | T. lobatus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Phalaropus lobatus | ||
Symjesnipe (Phalaropus lobatus) er ein liten vadefugl og sjøfugl. Arten hekkar i arktiske strøk av Nord-Amerika og Eurasia. Symjesnipa er trekkfugl, til likskap med polarsymjesnipa er ho pelagisk og overvintrar på tropiske hav.
Symjesnipa er ca. 18 cm i lengd, har «symjeflikar» på tærne og eit rett, tynnt nebb. Hekkande hofuglar er mest mørkegrå på oversida, med en kastanjefarga nakke og øvre bryst, svart andlet og kvit strupe. Hannen har meir avdempa farger. Ungfuglar er grå og brune på oversida, med brungul underside og svart augeflekk og svart isse. Om vinteren har fjørdrakta er grå over og kvit under, kvita band på oversida, men den svarte augeflekken er alltid til stades. Lyden er skarpe tjikk.
Hos alle tre symjesnipeartar, Phalaropus, finn ein at kjønnrollene er omvendte i forhold til det vanlege hos fuglar, dei har poliandrisk sosialt system. Hoene er større med flottare fargeprakt enn hannane. Hoene jagar hannfuglar, konkurrerer om territorium, og er aggressive i å verne reir og valte makar. Etter at egglegginga er avslutta, startar hoene kurtisering av nye hannar for å få fleire kull, og lèt hannane ruge egga og gje omsorg for avkommet. Kvart kull er på tre til sju egg som leggast på bakken nær eit myrlendt område. Ungane er stort sett i stand til å finne føda sjølv og kan flyge innan 20 dagar etter klekkinga.
Når symjesnipa jagar føde, sym ho raskt rundt i sirklar. Insekt og krepsdyr som er innanfor plukkast opp. På ope hav finn ein ofte symjesniper der det er konvergerande havstraumar som gjev oppvellingar. Under trekket sørover tar somme flokkar stopp i ope farvatn ved munninga av Fundybukta for å dra nytte av mat som rørast opp av tidevatnet.
Denne arten nyttar nesten all tid utanom hekkinga til havs. Fuglane er ofte særs tamme og enkle å komme nær.
Symjesnipa hekkar i fjellet i Noreg, i Nord-Sverige og i Nord-Finland. Desse fuglane trekker austleg i retning Svartehavet og overvintrar i Arabiahavet.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Red-necked Phalarope frå Engelsk Wikipedia .
-
- Rob Hune, Damms store bok om fugler i Norden og Europa, N. W. Damm & Søn AS, 2002 ISBN 82-496-0599-3
- Artsskildring hos Norsk Ornitologisk Forening