Transkaukasus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Administrativt kart av Kaukasus i Sovjetunionen, 1952-1991.

Transkaukasus, òg kalla Transkaukasia eller Sør-Kaukasus, er den sørlege delen av området Kaukasus mellom Europa og Asia. Det strekkjer seg frå Store Kaukasus til grensa til Tyrkia og Iran mellom Svartehavet og Kaspihavet. Området inkluderer Colchis, Kuralåglandet, Talysjfjella, låglandet Lenkoran, Litle Kaukasus og Det armenske høglandet. Heile Armenia ligg i Transkaukasus, i tillegg til mesteparten av Georgia og Aserbajdsjan, inkludert eksklaven Nakhitsjevan. Landa i området produserer olje, mangan, te, sitrusfrukt og vin.

I vestlege språk er uttrykket Transkaukasus ei omsetjing av det russiske zakavkazje som tyder «området bortanfor Kaukasusfjella».

Regionen har fleire omstridde området, Abkhazia og Sør-Ossetia i Georgia, og Nagorno-Karabakh i Aserbajdsjan.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]