Tsjernivtsi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teatret i Tsjernivtsi

Tsjernivtsi (ukr. Чернівці, namnet har andre variantar[1]) er ein by i Nord-Bukovina i Ukraina og hovudstaden i Tsjernivetska oblast.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Måleri av Anastasiya Markovich i høve 600-årsjubileet til byen.

Frå 1775 var Tsjernivtsi ein del av den austerrikske provinsen Bukovina; føre denne tida hadde byen høyrt til det rumenske fyrstedømmet Moldavia. Dei bukovinske byane Siret og, seinare, Suceava var dei første hovudstadene i fyrstedømmet. Da Austerrike-Ungarn vart oppløyst i 1918 vart området kring Tsjernivtsi innlemma i Romania, og slik vart det verande til 1940, da området vart okkupert av Sovjetunionen. I løpet av andre verdskrigen vart området tilbakeført til Romania, men deretter teke over av Sovjetunionen att og innlemma i Den ukrainiske sovjetrepublikken. Sidan 1991 har Tsjernivtsi vore del av landet Ukraina.

Tsjernivtsi var staden for den aller første jiddische språkkonferansen.

[endre] Folkesetnad

1. januar 1998 var folketalet i byen ca 295 000. Av desse var ca 172 000 ukrainarar, 46 000 russarar, 29 000 rumenarar (av desse ca. 15 000 moldavarar), 7 000 polakkar.

I følgje den offisielle ukrainske folketeljinga frå 2001 var folketalet på det tidspunktet ca 240 600 og antalet nasjonalitetar 65. Av desse var 189 000 (79,8 %) ukrainarar, 26 700 (11,3 %) russarar, 14 400 (6,1 %) rumenarar, 1 400 (0,6 %) polakkar, 1 300 (0,6 %) jødar og 2 900 (1,2 %) høyrde til andre folkegrupper.

I 1930 var befolkninga ifølgje ei rumensk folketeljing 26,8 % jødisk, 23,2% rumensk, 20,8% tysk, 18,6% ukrainsk og 1,5 % russisk. Det jødiske samfunnet i byen talde om lag 50 000 menneske , og ca. helvta av dei overlevde krigen takk vere intervensjon frå ein rumensk advokat og reserveoffiser som heitte Theodor Criveanu.

I Romania blir byen Cernăuţi rekna å ha ei rik historie som eitt av dei viktigaste rumenske kultur- og utdanningssentra.

Romania opna generalkonsulat i Tsjernivtsi i mai 1999.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tsjernivtsi

[endre] Kjelder

[endre] Fotnotar

  1. rumensk Cernăuţi, tysk Czernowitz eller Tschernowitz, polsk Czerniowce, ungarsk Csernovic, jid. טשערנאָוויץ [Tsjernovits], rus. Черновцы, [Tsjernovtsij]
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk