Ugrasklokke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ugrasklokke


Ugrasklokke
Ugrasklokke

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Familie: Klokkefamilien Campanulaceae
Slekt: Campanula

Linné

Art: C. rapunculoides
Vitskapleg namn
Campanula rapunculoides

Ugrasklokke ( Campanula rapunculoides ) er ein fleirårig 20-80 cm høg plante i klokkefamilien.

Ugrasklokka har lang jordstengel med tjukke knollar. Dei nedre blada er smalt hjarteforma med lange skaft, dei øvre blada er lansettforma og sitjande. Blomstrane 2-3 cm lange og mørkt blåfiolette, med kanthåra flikar. Blomstringa byrjar nedanfrå, mens planten enno veks.


Ugrasklokka vart innført til Norden som kjøkenplante på 1700-talet. Sidan har ho spreidd seg til hagar og parkar. Planten har ein greinet jordstengel, og ørsmå restar av rotstengelen er nok til at det spirer opp nye plantar. Har ugrasklokka komme inn i ein hage, er han svært vanskeleg å bli kvitt. Slik er ho blitt ein vanleg ugrasplante frå Sogn og sørover. Ho veks òg i Trøndelag og spreidd nodover til Troms. Opphavleg stammar ho frå Sørausteuropa og Vesleasia.

I Noreg er fagerklokka nokså vanleg på søraustlandet, i området frå Østfold til Mandal og nord til Elverum. Han er òg innført og forvilla i Stavanger og Randaberg, Fausek og Bodø, Sør-Varanger. Elles veks han i Europa og Vest-Asia.

[endre] Kjelder:

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ugrasklokke
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk