Ullhåra nashorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ullhåra nashorn

Status i verda: Førhistorisk

Wooly rhinoceros.jpg

Systematikk
Klasse: Mammalia
Orden: Perissodactyla
Familie: Rhinocerotidae
Slekt: Coelodonta
Vitskapleg namn
Coelodonta antiquitatis

Det ullhåra nashornet var ein pelskledd nashornart som levde på steppene nord i Eurasia i Pleistocen-epoken. Arten høyrer med til dei mest kjende dyra i istids-megafaunaen, men overlevde faktisk den siste istida.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Det ullhåra nashornet var rundt 3,5 meter langt; ein storleik mellom dagens to afrikanske nashorn-artar. Kroppen var dekt med tjukk pels og eit isolerande feittlag, begge delar for å verna seg mot snøen og kjølda. Ut frå holemåleri har forskarar gjetta seg fram til at dyret må ha hatt eit tjukt, mørkt band mellom for- og bakbeina, men dette er ikkje sikkert.

På snuten hadde det ullhåra nashornet to horn; det fremste større enn det bakre. På store eksemplar kunne framhornet bli så mykje som ein meter langt. Dette hornet var flatt og vart nytta til å moka vekk snø så dyret kunne koma til og beita. Som hjå dagens nashorn var hornet ein keratinstruktur som bestod av tett samanpressa hår.

Utrydjing[endre | endre wikiteksten]

Dei siste levande bestandane heldt til i vestlege Sibir heilt til om lag for 10000-11000 år sidan, ca. 2000 år etter siste istid. Dette kan tyda på at arten døydde ut av andre årsaker enn dei reint klimatiske. Mange forskarar meiner dei vart rydja ut av dei tidlege menneska, som me veit jakta på dyra.

Den næraste nolevande slektningen til det ullhåra nashornet er sumatranashornet (Dicerorhinus sumatrensis), som er sterkt utrydjingstruga.

Skjelett