Uman i Ukraina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om byen i Ukraina. For innsjøen i Noreg, sjå Uman.
Koordinatar: 48°45′0″N 30°13′0″E
Uman
Умань
by
none
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Tsjerkasy oblast
Rajon Uman rajon
høgd 166 moh
koordinatar 48°45′0″N 30°13′0″E
Areal 41 km²
Folketal 86 911 (2010)
Tettleik 2 120 / km²
Grunnlagd 1616
 - Magdeburgrettar 1760
borgarmeister Jurij Bodrov
Postnummer 20300
Retningsnummer +380 4744
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg

Uman (ukrainsk Умань) er ein by i Tsjerkasy oblast (provins) sentralt i Ukraina, aust for Vinnytsia. Byen ligg ved breidda av elva Umanka og er det administrative senteret i Uman rajon (distrikt). For ukrainarane er Uman kjend for skildringa av haidamakopprøra i det lengste diktet til Taras Sjevtsjenko, Haidamaky (1843).[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til byen er uklart, men han er særs gammal. Han er kjent frå 1616tatarane bygde eit forsvarsanlegg i byen og eit framtredande kossakregiment vart stasjonert i byen. I åra 16701674 var byen militært hovudkvarter for den delen av Ukraina som ligg på vestsida av Dnepr. Folketalet steig utover på 1600-talet då byen var ein del av Polen og han fekk byrettar i 1616 og i 1629 hadde den 6 000 innbyggjarar. I 1706 fekk han Magdeburgrettar.

I 1802 vart den storslåtte Sophienpark opna, anlagt av den polske greven Stanislaw Potocki og ingeniøren Ludwig Metzel, inspirert av dei engelske landskapsparkane. Parken har namn etter den greske hustrua til Potocki.

Under andre verdskrigen var det rett ved byen eit større slag mellom det tyske Wehrmacht og den raude armeen 15. juli8. august 1941 der ei tysk pansergruppe rykte aust mot den austlege svingen av Dnepr og rundt 100 000 sovjetiske krigsfangar i ein stor knipetangsmanøver. Etter den tyske erobringa av byen vart over 14 000 jødar deportert frå byen. Frå byrjinga av 1990-talet har byen vorte ein jødisk valfartsstad då grava til den sentrale rabbien Nachmann ligg her.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringa i byen er maskinindustri og farmasøytisk industri. Uman ligg sentralt kommunikasjonsmessig der motorvegane KievOdessa og VinnytsiaKirovohrad kryssar kvarandre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Magocsi, A History of Ukraina, 1996, s. 297

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Uman i Ukraina