Tsjerkasy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 49°26′40″N 32°03′35″E
Tsjerkasy
ukrainsk Черкаси, russisk Черкасcы, Tsjerkassy
by
none
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Tsjerkasy oblast
Rajon Tsjerkasy rajon
høgd 110 moh
koordinatar 49°26′40″N 32°03′35″E
Areal 69 km²
Folketal 286 037 (1. september 2011)
 - storby 286 771
Tettleik 4 145 / km²
Først nemnd 1286
 - Bystatus 1795
borgarmeister Serhij Olehovytsj Odarytsj[1]
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 18000 — 18499
Retningsnummer +380 472
fri АН
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: www.rada.cherkassy.ua

Tsjerkasy (ukrainsk Черкаси) eller Tsjerkassy (russisk Черкасcы), er ein by sentralt i Ukraina. Han er hovudstad i Tsjerkasy oblast (provins), samt det administrative senteret i den omliggande Tsjerkasky rajon (distrikt) i oblastet.

Byen er eit senter for kultur, utdanning og industri i oblastet og den sentrale økonomiske regionen i Ukraina. Tsjerkasy har vore kjend sidan 1200-talet og spelte ei viktig rolle i historia til Ukraina. Tsjerkasy var senteret for kosakkane, og innbyggjarane her tok del i Khmelnytsjtsjyna og Kolijivsjtsjyna (kosakk- og bondeopprør).

Byen ligg ved høgrebreidda av Dnepr (ved Krementsjukreservoaret), kring 200 km sør for hovudstaden Kiev. BYen er delt inn i to distrikt (rajon): Sosnivskij (med landsbyen Orsjanets) og Pridniprovskij. Byen har kring 290 000 innbyggjarar (2011). I juni 2011 feira byen 725-årsjubileumet sitt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Tsjerkasy vart grunnlagt under Kievriket. Byen er nemnt første gongen i 1286. Tsjerkasy er nemnt i gamle russiske annalar og brev frå Krim-khanen Meñli I Giray. Frå 1300 til 1600-talet vart området fleire gonger utsett for fiendtlege åtak. Først frå Den gyldne horden, deretter frå tyrkarane og krimtatarar. Som eit forsvar mot fiendar bygde ein ei treborg, Tsjerkasyborga, på staden der det i dag er eit stort monument over sigeren i andre verdskrigen. Byen fortsette å vekse rundt borga. Frå 1400-talet budde det kosakkar i Tsjerkasyområdet. Byen hamna på 1300-talet i Storhertugdømet Litauen og der vart han verande fram til 1569, då heile storhertugdømet kom under polsk styre.

Under det polske styret vart Zaporozje-kosakkane ein del av denkongelege kronarméen. Den første hetmanen til kosakkane var Ostafij Dasjkevytsj, som utførde store tenester for Polen. Den polske kongen Sigismund I (den eldre) gav difor store område, inkludert Tsjerkasy, til kosakkane. Stefan Batory, som ynskte å verne dei sørlege delane av landet mot krimtatarene, gav zaporozje-kosakkane ein arméorganisasjon.

Bogdan Khmelnitskyj

Frå 1589 byrja ein periode med konflikt mellom den polske sentralmakta og kosakkane. Polakkane byrja å trakassere kosakkane for åtaka deira på krimtatarar og tyrkarane som på det tidspunktet hadde ein fredsavtale med Polen og innførde ein kyrkjeleg union mellom dei katolske og ortodokse forsamlingane. Konsekvensen vart mange militære konfliktar mellom kosakkane og den polske hæren, som toppa seg i den såkalla fridomskrigen (16481654). Under krigen spelte Tsjerkasy ei viktig rolle i forsvaret mot polske styrkjer. Forsvaret leia av nasjonalhelten Bogdan Khmelnitskyj. Han har no statue på Shevtsjenko-boulevarden i Tsjerkasy. Krigen medførde ein union mellom Ukraina og Russland og 1793 vart byen ein del av Det russiske keisarriket og mottok byrettar i 1795.

Den nordlege bydelen vart planlagt i 1826 av den skotske arkitekten William Hastie (i Russland kalla Vasilij Ivanovitsj Geste – Василий Иванович Гесте).[2] Bydelen er utforma som eit rutemønster med breie rette gater og offentlege parkar. Byen Tsjerkasy voks, for ein stor del takka vere jarnbanen som kom til byen 1912 og dampbåtar på Dnepr. I byen vart vart blant anna den første sukkerrafineriet i Ukraina bygd, i tillegg til tobakksfabrikk og mekanisk fabrikk. Tsjerkasy vart ein av dei viktigaste omlastningsplassene for trevirke som hadde vorte transportert i Dnepr frå nordsida av elva. Tilgjenge til tre er grunnen til dei mange møbelfabrikkane til byen.

I perioden 19221991 var Tsjerkasy offisielt ein del av Sovjetunionen, men han kom under sovjetisk kontroll alt 29. januar (16. januar etter juliansk tidsrekning) 1918. Under borgarkrigen var byen ein kortare periode kontrollert av tyske troppar og den kvite armeen. Den raude armeen tok seg inn i byen i desember 1919. Frå 1932 vart Tsjerkasy innlema i Kiev oblast. Under andre verdskrigen, frå 22. august 1941 til 14. desember 1943 var byen okkupert av tyske troppar. 1943–1944 vart ei rekkje tyske divisjonar omringa og nestan utsletta av to sovjetiske frontar i byen (sjå Korsun-Tsjerkassy lomen). 1954 vart Tsjerkasy hovudstad i det nyopprettete Tsjerkasy oblast, det yngste oblastet i Ukraina), sidan det har folkesetnaden auka til det firedoble. Relativt sett auka levestandarden for innbyggjarane i løpet av 1950-, 60- og 70-åra. I løpet av denne perioden vart det bygd nye bustadområde og offentlege bygg. Samstundes vart mange kulturelle institusjonar etablert. Døme på offentlege bygningar er Sovjethuset (1959), Tsjerkasy stasjon (1965), Tsjerkasy sentralstadion (1957), Shevtsjenko musikk- og dramateater (1964) og innandørsmarknaden (1971). Nye føretak i kjemisk industri vart òg etablert.

1954 byrja ein å byggje Krementjukdammen og Krementjuks vasskraftverk i Krementjuk. Desse var fullført 1959. Dette tydde at dei delane av byen som låg lågast og i nærleiken av elva måtte fråflyttast for å gjere plass til den nye dammen. 9. november 1965 fekk byen sin første trolleybuss. I november 1986 vart Tsjerkasy tildelt Arbeidets raude fanes orden etter ein resolusjon i presidiet i det øvste sovjetet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tsjerkasy