Tsjerkasy oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tsjerkasy oblast
Черкаська область, Tsjerkaska oblast
oblast
flagg
våpen
Kallenamn: ukrainsk Черкащина (Tsjerkasjtsjyna)
By Tsjerkasy, Uman, Smila, Zolotonosja
Rajon 20
Byrajon 6
Byar 59
Landsbyar 838
Hovudstad Tsjerkasy
Areal 20 900 km²
Folketal 1 335 064 (2006)
Tettleik 64 / km²
Grunnlagd 7. januar 1954
guvernør Serhiy Tulub (Regionpartiet[1])
ISO 3166-2 kode UA-71-
Postnummer 18-20xxx
Retningsnummer +380 47
Bilnummer CA
Språk ukrainsk
Map of Ukraine political simple Oblast Tscherkasy.png
Nettstad: www.oda.ck.ua
www.rada.gov.ua

Tsjerkasy oblast (ukrainsk: Черкаська область) er eit oblast (provins) i det sentrale Ukraina. Det er delt i to av Dnepr, og administrasjonsbyen er Tsjerkasy.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Tsjerkasy oblast er, med sine 20 000 km², og er det 18. største oblastet i Ukraina og dekkjer 3,5% av landet. Det grensar i nord til Kiev oblast, i aust til Poltava oblast, i sør til Kirovohrad oblast og i vest til Vinnytsia oblast. Mesteparten av oblastet ligg på vestsida av Dnepr. Austsida, som ligg lågare enn vestsida, var i tidlegare tider ofte utsett for flaum. Vasskraftutbygging på 1900-talet har fjerna det problemet.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Per 2008 hadde Tsjerkasy oblast 1 315 500 innbyggjarar. Under folketeljinga i 2001 budde 53,7% av folkesetnaden i byar og 46,3% på landsbygda. Ein overveldande majoritet er etnisk ukrainarar (93,6%), medan russarar utgjer 5,4%, hovudsakleg konsentrert i byen Tsjerkasy.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Menneskeleg busetjing går langt tilbake i tid, ein har bl.a. funne restar etter Cucuteni-kulturen som eksisterte ca 5000–3000 fvt. Seinare vart området ein del av Skytia (750–250 f.Kr). Under Kievriket var det eit viktig grensestrøk og ein del av vassvegen mellom Skandinavia og Konstantinopel. Etter at mongolane hadde knust Kievriket, oppstod det eit maktvakuum som gav Litauen høve til å ekspandere. I 1648 gjorde kosakkane under hetmanen Bogdan Khmelnytskij opprør mot Polen-Litauen og underkasta seg i staden Russland. Etter Andrusovo-traktaten (1667) vart grensa mellom Russland og Polen-Litauen trekt langs elva Dnepr. Etter den andre delinga av Polen i 1793 vart òg vestbreidda innlema i Russland. Etter den russiske borgarkrigen vart området ein del av Sovjetrepublikken Ukraina. Som følgje av oppløysinga av Sovjetunionen vart Ukraina sjølvstendig i 1991.

Tsjerkasy oblast vart oppretta 7. januar 1954.

Politikk og administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Tsjerkasy oblast består av 20 rajonar og 6 byar som ligg direkte under oblastet:

Rajonar[endre | endre wikiteksten]

Byar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]