Vinnytsia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 49°14′0″N 28°29′0″E
Vinnytsia
Вінниця
by
none  Det gamle vasstårnet i Vinnytsia (i dag eit krigsvetarnmuseum)
Det gamle vasstårnet i Vinnytsia (i dag eit krigsvetarnmuseum)
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Vinnytsia oblast
Rajon Vinnytsia bykommune
koordinatar 49°14′0″N 28°29′0″E
Areal 79,94 km²
Folketal 370 100
Tettleik 4 630 / km²
Grunnlagd 1363
borgarmeister Volodymyr Borysovytsj Groysman
Postnummer 21000-
Retningsnummer +380 43
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: www.vmr.gov.ua

Vinnytsia (ukrainsk Ві́нниця) er ein by ved breidda av Søndre Bug, sentralt i Ukraina. Han er det administrative senteret i Vinnytsia oblast. Byen har kring 370 000 innbyggjarar.

Vinnytsia har hatt fleire andre namn, som Vinnitsa (russisk Ви́нница), Vinnica (polsk Winnica), tysk Winniza og rumensk Vinniţa. Alle variantar av namnet viser til det slaviske ordet for vingard.

Vinnytsia ligg kring 260 km frå den ukrainske hovudstaden Kiev, 429 km frå hamnebyen Odessa og 369 km frå Lviv. Gavrysjivka internasjonale lufthamn ligg i Vinnytsia og sidan slutten av andre verdskrigen har det vore ein stor sovjetisk flybase her. Det ukrainske luftforsvaret har sidan hatt base i Vinnytsia.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vinnytsia har ein lang, varm sommar med ganske fuktig luft og ein forholdsvis kort vinter. Middeltemperaturen i januar er -5,8 °С og 18,3 °С i juli. Årsmiddelnedbøren er 638 mm.

Gjennom året er det 6-9 dagar med kraftig snøfall, 37-60 dagar med tåke, særleg om vinteren og 3-5 dagar med torevêr og hagl.

Klimadata for Vinnytsia
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 11.6 17.3 22.3 29.4 32.2 35.0 37.8 36.5 31.5 28.6 19.9 15.4 37,8
Normal maks. temp. °C -1.4 -0.3 5.2 13.4 20.1 22.7 24.8 24.3 18.7 12.4 4.7 -0.4 12,0
Døgnmiddeltemp. °C -4.1 -3.3 1.2 8.3 14.5 17.4 19.2 18.6 13.4 7.8 1.7 -2.8 7,7
Normal min. temp. °C -6.7 -6.1 -2.2 3.7 9.1 12.3 14.1 13.4 8.9 4.0 -0.8 -5.2 3,7
Kulderekord °C -35.5 -33.6 -24.2 -12.7 -2.8 2.5 5.2 1.5 -4.5 -11.4 -24.6 -27.2 -35,5
Nedbør (mm) 29 28 30 45 50 94 83 66 64 30 37 35 591
Normal mengd nedbørdagar 7 6 9 13 14 15 15 11 12 11 12 9 134
Normale månadlege solskinstimar 58.9 70.6 114.7 171.0 248.0 255.0 266.6 260.4 195.0 133.3 57.0 40.3 1 870,8
Kjelde nr. 1: Pogoda.ru.net[1]
Kjelde nr. 2: Hong Kong Observatory.[2]


Historie[endre | endre wikiteksten]

Vinnytsia har vore eit viktig handelssenter og politisk senter sidan 1300-talet, då Fedir Koriatowicz, nevøen til den litauiske hertugen Olgerd bygde ei festning (1363) her mot tatarane ved breidda av Søndre Bug. Frå den tid vart byen stadig kjempa om mellom Litauen, tatarar, Polen, Det osmanske riket (som styrte byen og regionen frå 1672 til 1699), kosakkar og til slutt Russland, som annekterte byen og regionen etter den andre delinga av Polen i 1793.

Under den stalinistiske undertrykkinga utførte russarane ein massakre i 1937-1938 og massegravene vart grave opp av dei invaderande tyskarane i 1943. Adolf Hitler la det austlegaste hovudkvarteret sitt Führerhauptquartier Varulv nær byen og var her fleire veker i 1942 og tidleg i 1943. Nazistane dreiv sine eigne massakrar i byen og eit estimat er at Einsatzgruppe D tok livet av så mange som 28 000 menneske i byen. Dette omfatta ei nær urtydding av den jødiske folkesetnaden i byen. Eit kjend bilete, Den siste jøden i Vinnytsia, syner eit medlem av Einsatzgruppe D som er i ferd med å ta livet av ein knelande jøde føre ei massegrav.[3] Teksten Den siste jøden i Vinnytsia vart skriven bakpå biletet og vart funne i fotoalbumet til ein tysk soldat.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pogoda.ru.net» (på russisk). May 2011. http://pogoda.ru.net/climate/33562.htm. Henta 2 August 2012. 
  2. Climatological Information for Vinnica i Ukraina, Hong Kong Observatory. Retrieved 07 August 2012.
  3. "The last Jew in Vinnitsa [1941", World's Famous Photos, Retrieved on 2010-08-26.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vinnytsia