Vassmasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein vassmasse er ei samling av vatn, ofte nytta om store oppsamlingar som hav, sjøar og innsjøar, men omfattar òg mindre oppsamlingar som tjern, pyttar og våtmarksområde. Elvar, havstraumar, kanalar og andre landformer, der vatn er i rørsle frå ein stad til ein annan, vert òg rekna som vassmassar.[1]

Somme vassmassar er menneskeskapte (kunstige), som vassreservoar eller hamner, men dei fleste er naturlege landformer. Vassmassar som er farbare for båtar vert kalla vassvegar.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Gambiaelva flyt gjennom Niokolokoba nasjonalpark.
Eit tidvassbasseng i Santa Cruz i California med sjøanemoner og sjøstjerner.

Merk at somme landformer som omfattar vatn ikkje vert rekna som vassmassar, som fossar og geysirar.

  • Havarm - òg sjøarm, vert stundom nytta om ein fjord eller fjordliknande vassmasse.
  • Arroyo - ein vanleg uttørka elveleie som stundom vert fyllt med vatn etter kraftig regn, eller til somme tider av året.
  • Barachois - ein lagune skild frå havet av ein sandbanke.
  • Basseng, forskjellige små vassmassar som symjebasseng, tjern og liknande.
  • Bayou - ei saktegåande elv eller ein myrlendt innsjø.
  • Bekk - ei lita elv
  • Billabong - eit tjern eller stilleståande vatn som oppstår når ei elv endrar retning og noko av vatnet vert liggande att. Vert nytta i Australia.
  • Bukt - ein vassmasse som grensar til land på tre sider.
  • Dam - ein barriere på tvers av rennande vatn som hindrar, styrer retninga til eller sakkar ned straumen. Vert ofte nytta til å skape reservoar.
  • Elv - ein naturleg vassveg danna av anten nedbør eller smeltevatn som renn frå høgare til lågare høgd.
  • Estuar - ei delvis lukka bukt i sjøen der ei eller fleire elvar munnar ut og med fritt leie til det opne havet.
  • Firth - eit omgrep nytta i Skottland om forskjellige kystfarvatn, som store bukter, fjordar, estuar, bukter og sund.
  • Fjord - landform skapt av isbrear.
  • Gulf - ein del av ein innsjø eller eit hav. Liknar ei bukt, men er større.
  • Hamn - ein menneskeskapt eller naturleg vassmasse der skip og båtar kan ligge i ly frå havstraumar og vêr.
  • Hav - stor, salt vassmasse, som talt dekkjer kring 71 % av jordoverflata.
  • Havbukt - ei stor, ofte vid, bukt.
  • Ile - ein stad der grunnvatnet flyt ut av bakken
  • Innløp - ein vassmasse, vanlegvis sjøvatn, som ei bukt, vik, estuar, fjord eller sund.
  • Innsjø - ei vassmasse, vanlegvis ferskvatn, på land.
  • Isbre - Ei stor samling is eller frosne elvar som langsamt strøymer ned frå eit fjell.
  • Geografisk kanal - den fysiske avgrensinga til ei elv eller eit sund som består av eit leie og ei breidde.
  • Kanal - ein menneskeskapt vassveg, vanlegvis mellom eksisterande innsjøar, elvar og hav.
  • Kil - ei lita elv
  • Kjelde - utgangspunktet til ei elv eller ein bekk. Ei elvekjelde kan stundom vere ei ile.
  • Kroksjø - ein U-forma innsjø danna når ein elv har skapt eit nytt løp i ein stor sving (meander), slik at svingen vert ein eigen innsjø.
  • Lagune - forholdsvis grunt salt- eller brakvatn som er skild frå det djupare havet av ein barriere som ein sandbanke, korallrev eller liknande. Barrieren kan ligge både over og under vatn.
  • Loch - ein vassmasse som innsjøar, bukter, fjordar eller estuar.
  • Mangrovesump - salt kystbabitat for mangrovetre.
  • Marsk - ein type myr som ein finn i overgangen mellom land og eit område som ei bukt eller estuar, med salt- eller brakkvatn.
  • Myr - eit våtmarksområde med gras, siv og andre planter som veks i grunt vatn.
  • Nedslagsfelt - eit område på land der vatn frå nedbør eller snøsmelting drenerer nedover til ein annan vassmasse, som ei elv, innsjø eller reservoar.
  • Rei - ein stad utanfor ei hamn der eit skip kan ligge oppankra. Det er eit lukka område med ei opning mot sjøen, smalare enn ei bukt eller ein gulf.
  • Sjø - eit stort havområde med saltvatn. Ofte nytta synonymt med havet.
  • Stred - sjå sund
  • Stryk - ein del av ei elv som strøymer raskt.
  • Subglasial innsjø - ein innsjø permanent dekt av is der vatnet er flytande på grunn av trykket frå isen over eller frå jordvarme under. Lake Vostok i Antarktis er eit døme.
  • Sump - våtmarksområde der vasspegelen står i høgd med, eller eit stykke over markoverflata.
  • Sund - ein smalare del av ein vassmasse, både i sjøen og i innsjøar, mellom to landmassar.
  • Sølepytt - ei lita vassamling på bakken.
  • Tidvasselv - ei bukt i sjøen, ofte smalar enn ei vik.
  • Tjern - ein liten innsjø
  • Reservoar - ein kunstig innsjø, vanlegvis nytta for å lagre vatn til forskjellige føremål.
  • Vik - ei kystlandform.
  • Vollgrav - ei djup og brei grøft fylt med vatn, kring eit byggverk eller ein by.
  • Våtmark - eit miljø i grensa mellom landlege økosystem og akvatiske system.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Langbein, W.B.; Iseri, Kathleen T. (1995). «Hydrologic Definitions: Stream». Manual of Hydrology: Part 1. General Surface-Water Techniques (Water Supply Paper 1541-A). Reston, VA: USGS. .
  2. The first edition of Wetlands by Mitsch and *Gosselink was published in 1986 by Van Nostrand Reinhold. Second,third, and fourth (current) editions were published in 1993, 2000, and 2007 respectively by John *Wiley & Sons. http://www.wiley.com/WileyCDA/WileyTitle/productCd-0471699675.html

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vassmasse