Verdscupen i skihopping 1980

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i skihopping 1980 omfatta 25 tevlingar. Turneringa, den aller fyrste i sitt slag, tok til den 27. desember 1979 i Cortina d'Ampezzo i Italia og vart avslutta i storbakken i Štrbské Pleso i dåverande Tsjekkoslovakia 25. mars 1980. Dei 25 tevlingane fordelte seg på 8 i normalbakkar, 16 i storbakkar og ei skiflygingstevling i Vikersundbakken.

Hubert Neuper frå Austerrike vann den store FIS-premien, trass i at han vann berre tre av hopprenna. Hans landsmann Armin Kogler, som kom på andreplass i turneringa, sigra i flest renn med sine fem triumfar. I tevlinga for landslag sanka Austerrike 1035 poeng, Noreg vart nummer 2 med 524 poeng.

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Hubert Neuper  Austerrike 238 3
2 Armin Kogler  Austerrike 220 5
3 Stanislaw Bobak  Polen 130 1
4 Hirokazu Yagi  Japan 116 1
5 Masahiro Akimoto  Japan 109 2
6 Johan Sætre  Noreg 108
7 Hans Millonig  Austerrike 108 1
8 Hansjörg Sumi  Sveits 102 1
9 Toni Innauer  Austerrike 95 2
10 Jari Puikkonen  Finland 87
11 Hans Wallner  Austerrike 87
12 Steve Collins  Canada 83 1
13 Tom Levorstad  Noreg 83
14 Roger Ruud  Noreg 82 1
15 Alfred Groyer  Austerrike 81
16 Piotr Fijas  Polen 73 2
17 Per Bergerud  Noreg 70 1
18 Alois Lipburger  Austerrike 70
19 Jouko Törmänen  Finland 65 1
20 Bogdan Norčič  Jugoslavia 61
21 Henry Glaß  Aust-Tyskland 56
22 Klaus Ostwald  Aust-Tyskland 56
23 Klaus Tuchscherer  Austerrike 49
24 Peter Leitner  Vest-Tyskland 46
25 Bernard Moullier  Frankrike 42
26 Martin Weber  Aust-Tyskland 41 1
27 Tom Kristiansen  Noreg 40 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken 80-81. Dreyer Bok Stavanger. 1980.